Skåringer av Ole Gunnar Kjærstad og Tommy Kanishi Andreassen sørga for seier 2-1 då Vestnes Varfjell møtte Dahle på bortebane i 4. divisjon fredag kveld. Heimelaget hadde vist fin haustform før kampen med storseier mot Åndalsnes og uavgjort borte mot tetlaga Træff 2 og KFK, og var favorittar føre oppgjeret i Dahle idrettspark. Likevel var det gjestane som tok kommandoen og etter eit kvarter sendte Ole Gunnar Kjærstad Vestnes Varfjell i føringa. Tommy Kanihsi Andreassen, kampens store spelar, auka til 2-0 fem minutt før pause. Dahle kom betre med i andre omgang, men det vart med reduseringa til Jøran Sandøy fem minutt før slutt. Dahle om kampen. Vestnes Varfjell stilte igjen med utespelar Jørgen Hovde i mål og hadde denne startoppstillinga:
| 22 | Jørgen Liabø Hovde |
| 3 | Yngve Solevågseide |
| 9 | Magnus Nerheim |
| 21 | Nirut Phuangphae Mjøs |
| 4 | Jo Sigurd Vold |
| 16 | Sivert Nerheim |
| 91 | Vegar Bjørkevoll Skare |
| 17 | Elling Furland Olafsen |
| 14 | Ole Gunnar Kjærstad |
| 8 | Tommy Kanishi Andreassen |
| 11 |
Amund Stavem
|
| 2 | Kevin Andre Gravdehaug |
| 6 | Nikolai Nyheim Andersen |
| 7 | Alexander Kenneth Connor |