Ei skåring frå Svein Erik Lange Male etter 16 minutt såg ut til å gje Vestnes Varfjell seieren borte mot Dahle, men like før slutt utlikna vertane, Uansett kunne Vestnes Varfjell ta med seg eit sterkt bortepoeng frå Kristiansund.
Dahle hadde ballen mest, og utlikninga var ikkje ufortent då den kom. Likevel var det litt surt sidan den kom etter ein situasjon som verka avklart. Skotet kom overraskande på keeper Egil Dalhaug. Dalhaug, kaptein for kvelden, var bortelagets beste spelar og hadde til då varta opp med mange gode redningar.
0-1 kom også på litt heldig vis. Eit langt innkast hamna hos Mangnus Nerheim som fyrte av eit skot frå 16 meter som Svein Erik Lange Male tverrvendte på 5-metern og sendte ballen vidare i mål.
Etter dette hadde Dahle ballen mykje, men kom ikkje nærare enn ei avslutning som landa oppå tverrliggaren. Etter halvtimen vart dei hindra ei av god rening frå Dalhaug og på overtid skaut dei over frå fem meter.
Andre omgang starta med ei ny feberredning frå Dalhaug. Vestnes Varfjell kom litt meir med utover i omgangen. Knut Stian Eik og Torstein Nekstad hadde eit godt samspel, men vart avvinka for ein tvilsam offside. Kvarteret før slutt var Leo Krogseth i fin skåringsposisjon, men skotet gjekk rett på keeper.
Då Varfjell såg ut til å skulle halde unna, kom altså utlikinga heilt mot slutten. Dalhaug hindra 2-1 på ei blokkering frå ein meter like etter,
Dermed måtte laget nøye seg med eitt poeng. De kan uansett vere eit poeng som blir svært verdifullt i kampen for å overleve.
Neste kamp er heime mot Eide fredag om ei veke.
KAMPFAKTA
Dahle - Vestnes Varfjell 1-1 (0-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 29. august 2025 kl 19
Dahle kunstgresspark, 50 tilskuarar
Mål:
0-1 (17) Svein Erik Lange Male
1-1 (89) Eirik Back Råket
Dommar: Øystein Lysø, Surnadal
Assistentdommarar: Johannes Dahlberg og Mikael Oppedal, begge Frei
Gult kort: Tommy Kanishi Andreassen /45) og Rudi Samseth (86), Vestnes Varfjell. Eirik Back Råket, Dahle (87)
Vestnes Varfjell (5-4-2): Egil Dalhaug (k); Magnus Nerheim (Håkon Kjørvik 80.), Svein Erik Lange Male, Kristian Flittie Onstad, Vegar Skare (Rudi Samseth 82.), Leo Kroseth - Tommy Kanishi Andreassen, OH Lien, Fredrik Lie - Torstein Væge Nekstad (Lucas Moen 69.), Knut Stian Eik