(Vestnes Varfjell - FK Clausenengen Kristiansund 1-0) Endeleg! Etter fem strake tap skulle det endeleg lukkast for Vestnes Varfjell. Ei skåring av innbyttar Jon Areas Venås kvarteret før slutt sikra tre poeng mot FCK i Vestnes idrettspark fredag kveld.
Her kan du sjå video av skåringa (frå direktesendinga til Direktesport):
Kampen starta med innmarsj til sekkepipemusikk og eitt minutt applaus til minne om Alec Connor. Den tidlegare Vestnes Varfjell-trenaren døydde 3. august.
Heimelaget var innstilt på å vise seg frå ei anna side enn i den svake forestillinga mot Malmefjorden sist. Kampen opna med eit lite overtak til heimelaget, utan at dei store sjansane vart skapt. Nærast var Knut Stian Eik etter 18 minutt då han kom aleine med keeper og tilsynelatande vart felt. Ropa på straffespark var også denne gongen for døve dommar-øyrer.
Sjå situasjonen videovindauget under:
Kampen jamna seg ut, men gjestane frå Kristiansund var sjeldan farleg mot eit godt organisert heimeforsvar. I andre enden hadde John Christian Ludviksen eit skot som keeper såvidt redda, medan spelande trenar Tommy Kanishi sendte ein susar like over krysset. Ludviksen var ofte på farten i sin heimedebut og like før pause var han aleine med keeper, men gjestane fekk rydda opp i siste liten. Mållaust ved halv tid.
Heimelaget var friskast også i starten av andre omgang. Magnus Nerheim var på veg igjennom, men vart stoppa. Etter boka meinte dommar og igjen vart ropa om straffespark ikkje høyrd. Etter timen hadde Ludviksen alle tiders sjanse til å sende heimelaget i føringa då han var først på ein retur frå keeper etter skot frå Leo Krogseth, men avslutninga traff rett på keeper.
Kvarteret før slutt skjedde det mykje som skulle bli kampavgjerande. Først fekk ein FCK-spelar sitt andre gule og dermed raudt kort for protestar då innbyttar Jon Areas Venås vart riven ned på veg inn i feltet.
Like etter fekk heimelaget corner. Den vart tatt kort frå Leo Krogseth til Vegard Ellingseter som sendte ballen inn framom mål der Venås raga høgast og heada inn 1-0.
Like etter hadde Leo Krogseth sjansen til å doble leiinga, men avslutninga gjekk rett på keeper. Venås kunne blitt tomålsskårar, men kom litt for seint til å forlenge eit frispark i mål og avslutninga gjekk utanfor.
Då var det framleis ti minutt att, pluss overtid. No hadde også himmelen opna sine sluser. Gjestane kom i angrep etter angrep med ein mann mindre, men dette var ein kamp heimelaget skulle vinne.
Det vart kjemping for kvar ein ball og det lukkast.
Fem minutt før full tid vart Torstein Nekstad felt av ein utrusande keeper som slapp unna med gult kort.
På overtid var Sverre Lindseth litt for tøff i ei takling og vart vist det raude kortet berre minutt etter at han kom inn.
Etter åtte intense overtidsminutt kunne hardtkjempande Varfjell-spelarar juble for årets andre seier. Med sju poeng er laget no berre to poeng bak laga framom på tabellen.
Neste kamp er borte mot Dahle om ei veke.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - FK Clausenengen Kristiansund 1-0 (0-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 22. august 2025 kl 19
Vestnes idrettspark, 80 tilskuarar
Mål:
1-0 (71) Jon Areas Venås
Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord
Assistentdommarar: Mohamed Riad Suliman Aldurafi, Sunndal og Amanuel Tsegay Tewelde, Molde FK
Raudt kort: Sverre Olgar Lindset, Vestnes Varfjel (90 + 5). Henrik Sjæasæther Kleivenes (76, to gule)
Gult kort: Svein Erik Lange Male (44), Håkon Kjørvik (85), Fredrik Lie (86), Vestnes Varfjell. Sander Røsand Rossing, FCK (89)
Vestnes Varfjell (3-5-2): Egil Dalhaug (K); Vegard Ellingseter, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male - Leo Krogseth, Fredrik Lie, Ole Håkon Heen Lien (Sverre Olgar Lindset 90.), Tommy Kanishi Andreassen, Magnus Nerheim (Håkon Ødegård Kjørvik 67.) - Knut Stian Eik (Torstein Væge Nekstad 83.), John Christian Ludviksen (Jon Areas Venås 67.)

