(Vestnes Varfjell - Batnfjord 3-1) Vestnes Varfjell tok sin femte strake seier i 5. divisjon då Batnfjord vart slått 3-1 i Vestnes idrettspark fredag. Mål av Cédrik Ronnie Hellström Andreassen, Tor-Bjarne Løvik Salte og Didrik Selnes Sæter sytte for ein overbevisande seier i toppkampen.
Kampen starta med markering av Fotballtrøye-fredag der barn fekk vere med på innmarsjen. Inntektene frå kampen gjekk også til Barnekreftforeningen.
I sjølve kampen tok heimelaget kommandoen frå start. 12 minutt var spelt då Cédrik Ronnie Hellström Andreassen raga høgast på ein presist slått corner frå Leo Krogseth og heada inn 1-0. Fleire gode forsøk fulgte etter dette. Tommy Kanishi Andreassen skaut rett på keeper, Leo Krogseth trefte stolpen, Didrik Sæter heada over og William Hjelvik skaut over etter forarbeid av Tor-Bjarne Løvik Salte.
2-0 kom etter 42 minutt. Leo Krogseth gjekk på eit raid, keeper redda i første omgang før Løvik Salte elegant plasserte ballen i mål etter ei svak klarering av Batnfjord-forsvaret.
Gjestane var svekka offensivt og skapte lite. Fullt fortent 2-0 ved halv tid.
Etter pause heldt heimelaget oppe offensiven. Magnus Nerheim la opp til den første store sjansen i omgangen, men William Hjelvik var uheldig då han skulle omsetje ballen i mål frå kloss hald. Så hadde Tor-Bjarne Løvik Salte ein gedigen sjanse då han vart hindra av stolpen to gongar.
Etter 70 minutt sto det endeleg 3-0. Magnus Nerheim la inn til Didrik Sæter som dundra ballen i mål frå kloss hald.
Batnfjord reduserte ein gong på straffespark, men seiere var aldri truga. Målvakt Egil Dalhaug var etter ballen, som gjekk inn ved hans høgre stolpe. Straffen kom etter at Casper Andreassen hadde felt ein batnfjording innanfor 16-meterstreken.
Spelande trenar Tommy Kanishi Andrassen gjekk føre i det som var ein god lagseier. Casper Hellstrøm Andreassen fekk sin debut i seriekamp for Vestnes Varfjell då han kom inn som innbyttar i andre omgang. Eldstebror Tommy hadde då gått ut slik at det ikkje vart tre brør på bana samtidig denne gang (Cédrik spelte heile kampen).
Neste kamp er borte mot Malmefjorden, også det eit toppoppgjer.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Batnfjord 3-1 (2-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 29. mai 2026 kl 19
Vestnes idrettspark, 150 tilskuarar
Mål:
1-0 (12) Cédrik Ronnie Hellström Andrassen
2-0 (42) Tor-Bjarne Løvik Salte
3-0 (70) Didrik Selnes Sæter
3-1 (84) Martin Duås Indergård, straffespark
Dommar: Morten Kristiansen, Træff
Assistentdommarar: David Mircea Rus, Elnesvågen og Storm Høgseth Aakvik, Averøykameratene
Gult kort: John Christian Ludviksen, Vestnes Varfjell (90). Stig Oscar Jacobsen Glæstad (69) og Eskil Hodne (70), Batnfjord
Vestnes Varfjell (4-3-3):
1 Egil Dalhaug (K)
9 Magnus Nerheim
27 Kristian Flittie Onstad
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
22 Torstein Væge Nekstad
24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
10 Leo Villa Krogseth
77 Elling Furland Olafsen
20 William Pedersen Hjelvik
Innbyttarar:
25 Henrik Leao Tomren 66. min. for Hjelvik
6 Ørjan Tangen 66. min for Onstad
11 Sverre Olgar Lindset 73. min. for Kanishi Andreassen
18 John Christian Ludviksen 73. min. for Olafsen
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen 73. min for Sæter
17 Florian Hill 75. min. for Salte
4 Vegard Storsæter Ellingseter 82. min. for Krogseth
12 Carlos Felipe Gonzalez (ubenytta)
23 Svein Erik Lange Male (ubenytta)



.jpg)
.jpg)
