Casper Andreassen skåra kampens første mål etter 20 sekund.

(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 5-2) Vestnes Varfjell held fram seiersmarsjen i 5. divisjon. Også Malmefjorden måtte bite i eige gras etter at Casper Andreassen skåra alt etter 20 sekund og fullførte eit hattrick før pause. Mål av Tor-Bjarne Løvik Salte og Didrik Selnes Sæter i tillegg sørga for ein overbevisande 5-2-seier i toppoppgjeret.

Dette var seier nummer seks på like mange kampar i årets serie. 

– Me frykta ein vanskeleg bortekamp, men vinn etter ein solid laginnsats, seier spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen etter kampen.

Han gav veslebror Casper tillit frå start for første gong i år. Han takka for tilliten med å skåre før minuttet var spelt. Høgrekanten drog seg inn i feltet og avslutta med eit skot som overraska Malmefjorden-målvakta.

Kampstart var flytta fram fem minutt, og det såg ikkje ut til at heimelaget hadde fått med seg at kampen var i gang. Fire minutt var spelt då Tor-Bjarne Løvik Salte var frampå etter ein retur og sette inn 0-2.

Fotografen ikkje heilt innstilt her, men Tor-Bjarne Løvik Salte var heldigvis fokusert og sette inn 0-2 etter fem minutt.

Malmefjorden reduserte då Fredrik Røvik Eidskrem runda keeper minuttet etter. Ei forrykande opning var ikkje over med det. Sju minutt var spelt då Casper Andreassen dukka opp på bakre stolpe og sendte bortelaget to mål foran igjen.

1-3 ved Casper Andreassen.

Vertane kom litt betre med utover i omgangen og reduserte igjen etter ein corner. Men dette var Casper Andreassen sin omgang då han nærast ramla ballen over mållinja etter 37 minutt. Leo Kroseth var servitør med eit frispark. Casper Andreassen hadde også ei avslutning i stolpen, medan Elling Olafsen hadde ein trippelsjanse. Det sto 2-4 ved pause denne varme junikvelden.

"Fallseier" og 2-4 til pause ved Casper Andreassen.

Trond Strande skulle trener Malmefjorden denne sesongen, men vart opptatt med trenarjobb i Tyrkia. Han var heime og tok turen i heimegarderoben i pausen. Det gav ingen umiddelbar effekt for Vestnes Varfjell skåra igjen då Didrik Sæter krangla seg forbi og sette inn 2-5 etter ti minutt.

Didrik Sæter kjempar inn 2-5-målet.

Malmefjorden klarte aldri å svare og skapte nesten ikkje ein målsjanse i andre omgang. For Vestnes Varfjell var det berre snakk om å trygge seieren og ta dei sjansane som bydde seg. Elling Olafsen var den som kom nærast, først vart han hindra av ei god redning, deretter av stolpen etter ei heading. Innbyttar Florian Hill var også nærme sitt første seriemål, men avslutninga gjekk forbi begge stolpane og utanfor.

Nok ein solid lagseier kunne dermed inkasserast. Årets Varfjell-lag er ein god miks av rutine og ungt talent.

I tillegg til dei etablerte spelarene har laget no unge einarar i alle ledd:  Målvakt og kaptein Egil Dalhaug bakerst, Cedrik Andreassen, Sverre Lindseth og Torstein Nekstad i forsvaret, Tor-Bjarne Løvik Salte og Didrik Selnes Sæter på midtbane og Leo Krogseth og Casper Andreassen på kvar sin kant. Og då har me ikkje gløymd William Hjelvik som ikkje var med denne gongen og Henrik Tomren som kom inn.

Det er lett å sjå at dei unge blomstrar når dei har fleire eldre spelarar som vegleiar veldig bra ute på banen.

Neste kamp er heime mot Dahle 2 torsdag 11. juni kl 19.30.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Malmefjorden 2-5 (2-4)

5. divisjon Nordmøre og Romsdal, torsdag 4. juni 2026 kl 19.25

Malmefjorden stadion, 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (1) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen

0-2 (5) Tor-Bjarne Løvik Salte

1-2 (6) Fredrik Røvik Eidskrem

1-3 (8) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen

2-3 (22) Joachim Gjerdseth Lyngstad

2-4 (37) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen (sjølmål Ole Elias Jacobsen?)

2-5 (55) Didrik Selnes Sæter

Dommar: Harald Vebenstad, Averøykameratene

Assistentdommarar:  Oliwier Grzegorz Deuter, Elnesvågen og Håkon Bøe Olsen, Dahle 

Gult kort: Leo Krogseth (58) og Casper Andreassen (65), Vestnes Varfjell. Ragnar Sporsem (23) og Joachim Gjerdseth Lyngstad (78), Malmefjorden 

Vestnes Varfjell (4-3-3):

1 Egil Dalhaug (K)

22 Torstein Væge Nekstad
27 Kristian Flittie Onstad
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
11 Sverre Olgar Lindset


24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte

90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
77 Elling Furland Olafsen
10 Leo Villa Krogseth


Innbyttarar:
6 Ørjan Tangen 65. min for Onstad
18 John Christian Ludviksen 70. min for Olafsen
9 Magnus Nerheim 71. min for Kanishi
25 Henrik Leao Tomren 77. for Salte
17 Florian Hill 79. min for Casper Andreassen
23 Svein Erik Lange Male 85. min for Sæter

Ubenytta:

12 Carlos Felipe Gonzalez

DSC_6946
DSC_6946
DSC_6947
DSC_6947
DSC_6948
DSC_6948
DSC_6949
DSC_6949
DSC_6950
DSC_6950
DSC_6951
DSC_6951
DSC_6952
DSC_6952
DSC_6953
DSC_6953
DSC_6954
DSC_6954
DSC_6955
DSC_6955
DSC_6956
DSC_6956
DSC_6957
DSC_6957
DSC_6958
DSC_6958
DSC_6959
DSC_6959
DSC_6960
DSC_6960
DSC_6961
DSC_6961
DSC_6962
DSC_6962
DSC_6963
DSC_6963
DSC_6964
DSC_6964
DSC_6965
DSC_6965
DSC_6966
DSC_6966
DSC_6967
DSC_6967
DSC_6968
DSC_6968
DSC_6969
DSC_6969
DSC_6970
DSC_6970
DSC_6971
DSC_6971
DSC_6972
DSC_6972
DSC_6973
DSC_6973
DSC_6974
DSC_6974
DSC_6975
DSC_6975
DSC_6976
DSC_6976
DSC_6977
DSC_6977
DSC_6978
DSC_6978
DSC_6979
DSC_6979
DSC_6980
DSC_6980
DSC_6981
DSC_6981
DSC_6982
DSC_6982
DSC_6983
DSC_6983
DSC_6984
DSC_6984
DSC_6985
DSC_6985
DSC_6986
DSC_6986
DSC_6987
DSC_6987
DSC_6988
DSC_6988
DSC_6989
DSC_6989
DSC_6990
DSC_6990
DSC_6991
DSC_6991
DSC_6992
DSC_6992
DSC_6993
DSC_6993
DSC_6994
DSC_6994
DSC_6995
DSC_6995
DSC_6996
DSC_6996
DSC_6998
DSC_6998
DSC_6999
DSC_6999
DSC_7000
DSC_7000
DSC_7001
DSC_7001
DSC_7002
DSC_7002
DSC_7003
DSC_7003
DSC_7004
DSC_7004
DSC_7005
DSC_7005
DSC_7006
DSC_7006
DSC_7007
DSC_7007
DSC_7008
DSC_7008
DSC_7009
DSC_7009
DSC_7010
DSC_7010
DSC_7011
DSC_7011
DSC_7012
DSC_7012
DSC_7013
DSC_7013
DSC_7014
DSC_7014
DSC_7015
DSC_7015
DSC_7016
DSC_7016
DSC_7017
DSC_7017
DSC_7018
DSC_7018
DSC_7019
DSC_7019
DSC_7020
DSC_7020
DSC_7021
DSC_7021
DSC_7022
DSC_7022
DSC_7023
DSC_7023
DSC_7024
DSC_7024
DSC_7025
DSC_7025
DSC_7026
DSC_7026
DSC_7027
DSC_7027
DSC_7028
DSC_7028
DSC_7029
DSC_7029
DSC_7030
DSC_7030
DSC_7031
DSC_7031
DSC_7032
DSC_7032
DSC_7033
DSC_7033
DSC_7034
DSC_7034
DSC_7035
DSC_7035
DSC_7036
DSC_7036
DSC_7037
DSC_7037
DSC_7038
DSC_7038
DSC_7039
DSC_7039
DSC_7040
DSC_7040
DSC_7041
DSC_7041
DSC_7042
DSC_7042
DSC_7043
DSC_7043
DSC_7044
DSC_7044
DSC_7045
DSC_7045
DSC_7046
DSC_7046
DSC_7047
DSC_7047
DSC_7048
DSC_7048
DSC_7049
DSC_7049
DSC_7050
DSC_7050
DSC_7051
DSC_7051
DSC_7052
DSC_7052
DSC_7053
DSC_7053
DSC_7054
DSC_7054
DSC_7055
DSC_7055
DSC_7056
DSC_7056
DSC_7057
DSC_7057
DSC_7058
DSC_7058
DSC_7059
DSC_7059
DSC_7060
DSC_7060
DSC_7061
DSC_7061