(Vestnes Varfjell - Hjelset-Kleive 3-1) Mål av Knut Stian Eik, Adrian Kosinski og Elling Olafsen på straffe sikra seieren i ein slitekamp mot Hjelset-Kleive fredag. Gjestane tok leiinga før pause og var også nære skåring i andre omgang før heimelaget starta sluttspurten. Trenar Alexander Connor var letta og glad for tre poeng. - Nok ein delig seier der me snur det på ein dårleg dag.
Første omgang var prega av få sjansar og eit heimelag som sleit med å finne kvarandre. Laget greide å tvinge fram ein serie på 5-6 hjørnespark det første kvarteret, utan at det resulterte i noko som helst.
Nyopprykka Hjelset-Kleive spelte seg inn i kampen og var nære skåring då dei lobba over ein utrusande målvakt Owen Connor. Ballen var på veg mot ope mål, men spratt i tverrliggaren og ned og vart såvidt vart rydda unna på streken av Tor-Bjarne Løvik Salte.
Heimelaget måtte gjere endringar på laget som slo Surnadal sist. Magnus Nerheim var sjuk, men spelte sluttminutta, medan Ørjan Tangen måtte ut etter ein halvtime.
Det nykomponerte forsvaret vart sett på prøve fleire gongar då Hjelset-Kleive sette fart og spelte seg igjennom i midten. Det første målet kom likevel på ein dødball. Først fista Owen Connor eit frispark til corner. Og typisk nok, etter at heimelaget hadde hatt rundt ti hjørnespark utan uttelling, så skåra gjestane på sin første. Mads Åkre dukka opp på første stolpe og heada Hjelset-Kleive i føringa - Molde-klubbens første mål på dette nivået.
Både Knut Stian Eik og Elling Olafsen forsøkte seg etter ein corner i andre enden, men det sto 0-1 til pause.
Andre omgang vart meir hendelsesrik. Hjelset-Kleive hadde den første store sjansen på eit nytt gjennomspel, før Amund Stavem nesten fann Elling Olafsen i andre enden. 1-1 sto det likevel etter fem minutt. Leo Krogseth drog seg fri og fekk avslutta, keeper måtte gje retur og der dukka målsniken Knut Stian Eik opp og sette inn utlikninga. Like etter gjekk Adrian Kosinski på eit langt raid, men fekk ikkje avslutta skikkeleg. Håkon Kjørvik heada like utanfor etter eit frispark.
Dei rundt 90 frammøtte i det kalde vårværet - kanskje med unntak av eit stort bortefølge - trudde nok no at heimelaget skulle ta det, men vertane vart satt på stadige prøver av gjestane sitt kontante kontringsspel. Owen Connor måtte varte opp med ei solid parade etter 69 minutt og tre minutt etter var Hjelset-Kleive-spelaren også forbi keeper, men avslutninga traff stolpen.
Vestnes Varfjell hadde sluppe med skrekken, og no skjønte heimelaget at denne kampen kunne vinnast med å sette opp tempoet mot slitne Hjelset-Kleive-bein. Knut Stian Eik kunne blitt tomålsskårar for heimelaget, men fekk ein dårleg touch og avslutninga hamna utanfor etter 72 minutt. Ti minutt etter lobba Adrian Kosinski like utanfor. Så låg ballen i nota då Lucas Våge fann Elling Olafsen frammom mål, men dommarane meinte at ballen hadde vore over dørlinja.
Så syntes Adrian Kosinski det fekk vere nok, sette fart og avslutta med eit velplassert skot i mål til leiing 2-1 fem minutt før slutt. Same mann vart spelt igjennom av Elling Olafsen like etter, men vart skubba over ende då han skulle sette ballen i mål. Hjelset-Kleive var heldige som unngikk raudt kort der. Men straffespark vart det, som Elling Olafsen sette inn til 3-1.
Kosinski skulle kanskje hatt ein straffe til då han vart dratt ned like etterpå, men 3-1 heldt til tre nye poeng.
Adrian Kosinski og målvakt Owen Connor vart matchvinnarar i kvar sin ende i denne kampen. Kjekt er det også å sjå at unggutar som Leo Krogseth og Lucas Våge har tatt nivået med ein gong etter at dei har fått sjansen i startoppstillinga.
Neste kamp er borte mot Dahle, det andre laget som står med full pott etter dei to første rundene av årets 4. divisjon.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Hjelset-Kleive 3-1 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 28. april 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, ca 90 tilskuarar (20 Hjelset-Kleive)
Mål:
0-1 (39) Mads Åkre
1-1 (50) Knut Stian Eik
2-1 (85) Adrian Kosinski
3-1 (88) Elling Olafsen, straffespark
Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen. Assistentdommarar: Erik Stenberg, Elnesvågen og Eren Aksoy, Molde
Gult kort: Elling Olafsen (15), Leo Krogseth (43), Vestnes Varfjell. Erling Ellingsen (48) og Kim Joar Øverås (87), Hjelset-Kleive.
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor; Ørjan Tangen (Håkon Kjørvik 30.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Lucas Pedersen Våge (Arjan Sylte 90.) - Juan Richard Larsen (Simon Kjørvik 88.), Adrian Kosinski, Amund Stavem (k), Leo Krogseth (Vegar Skare 69.), Lars-Helge Lien - Knut Stian Eik (Magnus Nerheim 75.), Elling Olafsen (Svein Erik Lange Male 88.)
Bildegalleri under (klikk på eit bilde for å starte lysbildevisning)