Vestnes Varfjell fekk ein god start på årets 4. divisjon då ein av seriefavorittane, Surnadal, vart slått 3-2 i Vestnes idrettspark laurdag. Adrian Kosinski, Elling Olafsen og Lucas Pedersen Våge skåra for heimelaget. - Ein delig seier. Dette fortente me no etter ein periode med mykje skader og sjukdom, sa trenar Alexander Connor etter kampen. Bildegalleri her
Trenaren var godt fornøgd med korleis laget sto fram i første seriekamp.
- Me hadde flest og størst sjansar i dag. Me styrer det meste av kampen både med og utan ball. Surnadal hadde rett nok eit bra trykk mot oss i begynnelsen av 2. omgang og dei siste 10 minutta, noko som er å forvente når eit lag jagar skåring og me ligg lavt. Kampen sett under eitt vinn me fortent mot eit godt Surnadal-lag, oppsummerer Connor.
I eit nykomponert 3-5-2-system tok laget kommandoen frå start i litt småkaldt vårvær i Vestnes idrettspark. Alt før ti minutt var spelt sto det 1-0. Adrian Kosinski snappa ballen frå ei nonchalant Surnadal-forsvarer og sette ballen forbi keeper.
Gjestane var a jour like etterpå då Arnstein Aasbø sprang igjennom og avslutta med eit skot forbi Owen Connor i Varfjell-buret. Resten av omgangen bølga spelet fram og tilbake utan at nokon av laga fekk uttelling før Elling Olafsen sette haudet til eit innlegg frå kaptein Amund Stavem rett før halv tid. 2-1 ved pause.
Surnadal kunne ha utlikna rett etter pause då Adrian Kosinski serverte eit svakt tilbakespel til keeper rett i beina på ein Surnadal-angripar. Owen Connor rykka ut og fekk rydda opp i siste liten.
Adrian Kosinski var elles eit konstant uromoment for Surnadal-forsvaret og etter timen raida han opp eit angrep heilt aleine, men ingen fekk avslutta innlegget som hamna for ope mål.
Gjestane pressa på for utlikning og etter 64 minutt lukkast dei igjen med eit gjennomspel. Tore Bæverfjord sette inn 2-2.
No kunne kampen bikke begge vegar, men det var Vestnes Varfjell som igjen tok leiinga. Ein corner vart slått på bakre der Tor-Bjarne Løvik Salte heada tilbake i feltet. Magnus Nerheim stussa ballen ned til Lucas Våge som sette inn 3-2 frå kloss hald. Dette var første skåring på A-laget for vågstrandingen.
Surnadal var nærme 3-3 eit par gongar, men Owen Connor og eller ein forsvarer fekk rydda opp. I andre enden kom heimelaget på skothald fleire gongar, men siktet var ikkje stilt inn.
- Me gjer ein god kamp, men det er spenning til det siste. Me er aggressive og får til mykje bra. Ein perfekt start på sesongen mot ein god mostandar, seier trenar Connor.
Neste kamp er borte mot nyopprykka Hjelset-Kleive.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Surnadal 3-2 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 22. april 2023 kl 15
Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar
Mål:
1-0 (9) Adrian Kosinski
1-1 (15) Arnstein Aasbø
2-1 (44) Elling Olafsen
2-2 (64) Tore Bæverfjord
3-2 (73) Lucas Pedersen Våge
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Assistentdommarar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen og Roe Vidar Lien, Malmefjorden
Gult kort: Håkon Bredesen (66) og Sindre Fiske (88), begge Surnadal
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor; Ørjan Tangen, Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim - Juan Richard Larsen (Håkon Kjørvik 82.), Vegar Skare (Lars-Helge Lien 65.), Amund Stavem (k), Leo Krogseth (Knut Stian Eik 82.), Lucas Våge - Elling Olafsen, Adrian Kosinski
Bildegalleri (klikk på eit bilde for å starte "lysbildevisning")



