Ole Håkon Heen Lien skåra for Måndalen/Vestnes Varfjell 2.

Måndalen / Vestnes Varfjell 2 starta haustsesongen med ein hengekamp frå vårsesongen då laget tok turen til Kristiansund for å møte Nordlandet søndag. 

Med seier kunne laget ta seg forbi vertane, men kampen endte med tap 1-2. Nordlandet tok leiinga rett før pause og auka til 2-0 etter ein time. Eit kvarter før slutt reduserte Ole Håkon Heen Lien for Måndalen/VVIL 2, men fleire mål vart det ikkje.

Kampfakta her

Neste kamp er heime mot Dahle 2 laurdag.

Troppen mot Nordlandet:

50 Carlos Felipe Gonzalez
2 Henrik Samseth
4 Mathias Moen Brudeseth
14 Ole Håkon Heen Lien
20 Rudi Talberg Samseth
23 Theodor Ekroll
25 Lars Håvard Heen Lien
7 Ola Mittet Farkvam
8 Fredrik Lie
9 Sverre Olgar Lindset
10 Arjan Elias Furland Sylte
16 John Villa Krogseth
18 Markus Vestad Lyslo
22 Torstein Væge Nekstad