(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 4-1) I løpet av fem minutt i andre omgang gjekk alt galt for Vestnes Varfjell. Dermed tapte dei det viktige botnoppgjeret mot Malmefjorden.
Uflaks eller udyktigheit? Som ofte er det ein kombinasjon av begge deler. I alle fall vart denne kampen avgjort frå det 50. til det 55. minutt i andre omgang. Då skåra heimelaget plutseleg på alt. Først landa ballen hos Bjørn André Monsen som kunne fyre laus etter ein corner. Så fekk Vestnes Varfjell corner, men den førte til ei kontring. Målvakt Egil Dalhaug var langt ute og hadde kontroll, men så snubla ein uheldig Håkon Kjørvik over eigen keeper. Plutseleg låg ballen fri for Fredrik Solemdal Sæther som kunne sette ballen i ope mål.
Sjå video av denne situasjonen her:
Som om ikkje det var nok, så fekk Fredrik Røvik Eidskrem draumetreff frå 40 meter og ballen fauk inn slik at det plutseleg sto 4-1.
Bortelaget starta best i det som var ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape. Både Rudi Samseth, Tommy Kanishi og Adrian Voldseth hadde kvart sitt skotforsøk før ti minutt var spelt.
Heimelaget kom tilbake og hadde mellom anna ein ball som traff toppen av tverrliggaren, før Egil Dalhaug måtte varte opp med ei klasseredning for å stoppe eit skot som var på veg mot krysset. 1-0 kom etter ein halvtime då Varfjell-forsvaret ikkje fekk klarert og Lars Joar Inderberg kunne sette ballen i mål frå fem meter. Like etter utlikna Håkon Kjørvik. Eit langt innkast vart stussa ned til backen som sette ballen kontant i mål frå ti meter. 1-1 ved halv tid.
Så starta altså andre omgang på verst tenkeleg vis.
Vestnes Varfjell kom seg aldri etter sjokket, sjølv om dei forsøkte og også skapte ei rekke sjansar resten av kampen. Tommy Kanishi hadde to gode forsøk, eit skot utanfor og skot rett på keeper då han kom aleine igjennom. Ole Håkon Heen Lien hadde ballen i nota, men vart avblåst for offside.
Årsverste og årets største tap var dermed eit faktum.
Neste kamp er heime mot FCK fredag om ei veke.
KAMPFAKTA
Malmefjorden - Vestnes Varfjell 4-1 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal
Fredag 15. august 2025 kl 19
Malmefjorden stadion, 50 tilskuarar
Mål:
1-0 (30) Lars Joar Inderberg
1-1 (33) Håkon Ødegård Kjørvik
2-1 (50) Bjørn André Monsen
3-1 (52) Fredrik Solemdal Sæther
4-1 (55) Fredrik Røvik Eidskrem
Gult kort: Rudi Samseth, Vestnes Varfjell (68); Jonas Frisvold, Malmefjorden (75)
Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, FCK
Assistentdommarar: Oliwier Grzegorz Deuter, Elnesvågen og Arnt Ivar Dale, Elnesvågen
Vestnes Varfjell (4-5-1): Egil Dalhaug; Rudi Samseth, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male (Torstein Væge Nekstad 77.), Håkon Kjørvik, Leo Krogseth - Tommy Kanishi Andreassen, Fredrik Lie (K) , Vegard Ellingseter (Vegar Skare 64.) , Sverre Olgar Lindset (Ole Håkon Heen Lien 58.) - Adrian Voldseth (Elling Olafsen 58.)
Nokre bilder frå kampen:









