
Vestnes Varfjell spelte 1-1 heime mot Træff 2 i 4. divisjon søndag. Begge mål kom før pause. Alexander Connor utlikna til 1-1 på ei fin heading (sjå video) etter at Træff hadde tatt ei tidleg leiing. Poengdeling var greit nok, men Vestnes Varfjell var nærast alle tre poenga i andre omgang. Særleg dei siste 20 minutta trykka heimelaget på for å vinne kampen.
Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri |
Vestnes Varfjell kunne komme ajour med tetlaget med seier, men har slete mot Træffs nest beste. Slik var det også denne gongen. Gjestane var mest på hugget frå start og skåra etter tre minutt på eit skot frå Eivind Ingeborgvik som gjekk inn ute ved stolpen.
Heimelaget fekk litt meir sving på spelet etter kvart. Vegar Skare hadde ein sjanse etter ein corner der keeper fekk blokkert på strek. Så etter ein halvtime raga spelande trenar Alexander Connor høgast og heada bakover og i mål etter eit innlegg frå Elling Olafsen. Like etter hadde Træff 2 sjansen til å ta leiinga igjen då eit svakt tilbakespel vart snappa opp, men heldigvis gjekk skotet i stolpen og ut.
Stolpetreff vart det også på heimelaget. Innbyttar Tore Akselsen sendte i veg eit skot frå kloss hald, men det traff innsida på bortre stolpe. Spelet bølga fram og tilbake resten av omgange, men med eit lite overtak til heimelaget. Nærast seiersmålet kom Vestnes Varfjell etter eit raid frå Trond Klokset, men der ingen kom tidsnok til å sette ballen over streken føre mål. Klokset hadde også eit skot som Simen Brennvik nesten fekk sett inn returen på, medan ei avslutning frå Alexander Connor trefte ein liggande Svein Erik Lange Male ved stolpen.
Klokset skapte mykje frå sin kantposisjon og var etter vår meining bestemann i dag, saman med Skare som var frisk særleg før pause.
Neste kamp, og den siste før ferien, er mot Kristiansund FK borte fredag.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Træff 2 1-1 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Søndag 3. juli 2011 kl 13.10
Vestnes idrettspark
70 tilskuarar
Mål:
0-1 (3) Eivind Ingeborgvik
1-1 (29) Alexander Connor
Dommar: Rolf Inge Pedersen, Åndalsnes
Gult kort: Trond Klokset, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Per Kristian Os Nakken (Simen Brennvik 69.), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Marius Ulla - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Trond Klokset, Elling Olafsen (Sondre Akselsen 83.), Magnus Nerheim (Tore Akselsen 46.)