
Sjå måla i VarfellTV | Program | Bildegalleri | MFK om kampen
Vestnes Varfjell fekk ein kjempestart på kampen i kveldssola i Vestnes idrettspark. Før fire minutt var spelt hadde laget tatt leiinga. Eit langt framspel frå Per Kristian Os Nakken vart møtt på hovudet av Elling Olafsen. MFK-keeper Sivert Beinset var ute i feltet for å bokse unna, men bomma og ballen trilla over streken. Like etterpå hadde Magnus Nerheim ein stor sjanse, men rett før kvarteret var spelt var det i staden MFK 3 som utlikna på eit velplassert skot.
Så hadde Nerheim ein ny stor sjanse der han fekk ballen litt for langt framom seg då han skulle avslutte. Trond Klokset meinte seg snytt for straffespark fem minutt før pause. Han vart hindra innanfor 16-meteren, men dommar Jan Roger Strømsvåg dømte berre indirekte frispark. Dette gav ikke resultat, og laga gjekk til pause like langt.
Andre omgang starta som den første med to jamne lag, men etter kvart greidde heimelaget å tilrive seg eit overtak. Tore Akselsen hadde eit godt skot like etter at han kom innpå, medan gjestane jubla for det dei trudde var ein ball over streken, utan at linjemanne var samd.
Kampen vart avgjort kvarteret før slutt. Per Kristian Os Nakken kjempa seg ned til dørlinja, la tilbake til Akselsen som sette ballen i mål frå 10 meter. Etter dette hadde heimelaget kontroll og skapte også dei største sjansane: Ronny Leikarnes sette opp Vegar Skare minutter før slutt, men skotet gikk via eit MFK-bein og like utanfor. På overtid sette Simen Brennvik eit skot på keeper frå fin posisjon.
Nirut Mjøs viste igjen stødig stopparspel og var lagets beste etter vår meining. Også Per Kristian Os Nakken utmerka seg. Begge spelte til krampa tok dei.
Simen Brennvik sesongdebuterte for eit heimelag med eit heilt lag på benken. Brennvik er heime for studiar og dermed tilgjengeleg for laget i ein del kampar framover. Brennvik var kanskje lagets bestemann fjorårssesongen sett under eitt og blir ein nyttig tilvekst.
MFK 3 hadde tidlegare tippeligaspelar Stig Arild Råket på midtbanen, men stilte elles eit lag med unge talentfulle spelarar.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Molde 3 2-1 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Torsdag 16. juni 2011 kl 19
Vestnes idrettspark, 65 tilskuarar
Mål:
1-0 (4) Elling Olafsen
1-1 (14) Andre Sande
2-1 (73) Tore Akselsen
Dommar: Jan Roger Strømsvåg, Sunndal
Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell 4-3-3): Marius Sivertsen; Per Kristian Os Nakken (Knut Øyvind Hoem 85.), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Marius Ulla - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Trond Klokset (Simen Brennvik 83.), Elling Olafsen (Ronny Leikarnes 74.), Magnus Nerheim (Tore Akselsen 57.)