Trenar Alexander Connor med taktikken klar før kamp. Yngve Solevågseide til høgre. Foto: Asbjørn Vik
Connor legg taktikken

Vestnes Varfjell fekk ein smak på nivået i den nye 4.-divisjonen då eit av dei forventa topplaga, Dahle, gjesta Vestnes idrettspark laurdag. Gjestane frå Kristiansund vann kampen heile 10-0 etter fem mål i kvar omgang. - Me tapte mot eit klart betre lag i dag. Heldigvis er det lenge til seriestart og me kjem ikkje til å framstå på denne måten då, lovar Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor. Sjå skåringane i VarfjellTVDahle om kampen

 

Connor seier at kampen bar preg av at Dahle tok ei tidleg leiing på 4-0.

 

- Etter dette gjorde dei stort sett som dei ville. Dei var betre i alt, seier trenaren.

 

Ikkje minst på fysikken vart Dahle for sterke. Connor trøstar seg med at han vil ha fleire spelarar å velge blant når serien startar. Ein del hadde forfall til kampen og ein mann som Tore Akselsen er enno ikkje klar etter langtidsskade. 

 

- Nokre av dei erfarne spelarane frå B-laget bør også vere aktuelle for A-laget - om dei trenar nok, seier Connor.

 

Bjørn-Vegard Løvik og Tarjei Rypdal Eide var mellom rutinerte spelarar som stilte for Vestnes Varfjell 2 i kampen etterpå. 

 

Målvakt Andreas Reistad er borte på sjøen i fire veker, dermed gjorde Marius Sivertsen comback mellom stengene.

 

- Me håpar å få med oss Marius også vidare, dermed er me godt dekt på keeperplassen. Erling Magne Slemmen sto for andrelaget idag, og er også ein mann å ha i backup, seier Connor.

 

De snødde tett både før og i løpet av kampen, men bana var brøya og fullt spelbar. Dahle skriv på si nettside at alt klaffa for deira spelesugne mannskap. Veteranen Jøran Sandøy vart femmålsskårar.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Dahle 0-10 (0-5)

Treningskamp laurdag 5. mars kl 12.00

Vestnes idrettspark, 10 tilskuarar 

Mål:

Jøran Sandøy 5

Leo Totev

Hemen Ramadan

Arnt Wenaas 2

Ronny Olsen 

Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell

Gult kort: Svein Erik Lange Male

Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen; Tor Gunnar Venås, Nirut Mjøs (Christian Mario Leikarnes 46.), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Sander Valde (Elling Olafsen 65.), Sondre Akselsen, Yngve Solevågseide, Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes