Vestnes Varfjell slo Stranda 5-3 i ein treningskamp i Vestnes idrettspark fredag kveld. Tommy Kanishi Andreassen skåra tre mål og brente i tillegg eit straffspark, Ronny Leikarnes skåra dei to andre måla. - Ein god kamp av oss der me spelte mykje fin fotball trass i vanskelege speleforhold med snø på bana, seier spelande trenar Alexander Connor til varfjell.no. Video i VarfjellTV (2. omgang) | Stranda om kampen | Avisa Sunnmøringen om kampen
Connor er fornøgd med at laget skåra fem mål, men ikkje at laget slepte inn tre.
- Uansett er det framgang kamp for kamp, og i kveld kom fleire av måla etter mykje fint spel, seier Connor, som trur på endå større framgang når heile stallen er tilgjengeleg.
Stranda spelar i 3. divisjon, men stilte ikkje med sitt sterkaste mannskap. Dei stoppa på Vestnes på veg til helgesamling i Molde der dei slo Sunndal 3-2 laurdag.
Neste kamp er mot Emblem fredag om ei veke, også det i Vestnes idrettspark.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Stranda 5-3 (2-1)
Treningskamp
Vestnes idrettspark, fredag 25. mars 2011 kl 18
15 tilskuarar
Mål:
0-1 (20)
1-1 (30) Ronny Leikarnes
2-1 (43) Tommy Kanishi Andreassen
2-2 (48)
2-3 (50)
3-3 (55) Kanishi Andreassen
4-3 (60) Kanishi Andreassen
5-3 (69) Leikarnes
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Gult kort: Eitt til Stranda
Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen; Magnus Nerheim (Azim Ahmadi 80.), Marius Ulla, Nirut Mjøs, Sander Valde - Sondre Akselsen (Tommy Solevågseide 75.), Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Christian Mario Leikarnes 80.), Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes