
Ein svak kamp av Vestnes Varfjell. Laget hang godt med i periodar
og hadde også fortent å skåre meir enn ein gong.
CFK låg lavt og tok godt vare på dei sjansane dei fekk
på overganger, i tillegg rota Vestnes Varfjell det til for
seg sjølv fleire gongar.
Kampen:
1 min: Ronny Leikarnes er frampå, men CFK var rensa unna
på strek
4 min: CFK nære på, men bommar for ope mål
13 min 1-0: Svak avklaring fører til at ballen hamnar i
beina på Ronny Svanemsli.Toppskåraren i divisjonen
treng ikkje bli bedd to gongar og set ballen i mål frå
11 meter.
14 min: Tommy Kanishi Andreassen skyt over via ein CFK-spelar.
15 min: CFK skyt like utanfor etter ein kontring
16 min: Kanishi Andrassen med flott avslutning i mål, men er
avvinka for offside
20 min: Kanishi med flott stikkball til Ronny Leikarnes som skyt
like utanfor
25 min 2-0: Meir rot i forsvaret gir ny skåring for
heimelaget. Svanemsli kan til slutt trille ballen i ope mål.
30 min 2-1: Leikarnes spelar igjennom Kanishi som set ballen
kontrollert i motsett hjørne til 2-1
33 min 3-1: Eit utspell blir heada rett tilbake i bakrommet der
Svanemsli igjen dukkar opp og lobbar ballen i mål
37 min: Det blir temperatur på Idrett etter at ein CFK-spelar
set albogen i magen på Svein Erik Lange Male.
40 min 4-1: Eit nølande Varfjell-forsvar blir straffa med
skot i mål
44 min: Eit frispark hamnar på foten til Leikarnes, men
spissen nølar og får ikkje avslutta skikkeleg
pause
2. omg
51 min: Godt skot frå CFK, men Svale Leren leverer ei god
redning
56 min 6-1. Ny lang ball i bakrom, ny lobb i mål
58 min: Kanshi finn Trond Klokset som får avslutta med skot
på keeper, Leikarnes er nære på å sette
returen i mål
59 min: Elling Olafsen med skot utanfor frå skrått hald
63 min 6-1: Skot i mål
Begge lag byttar ein del spelarar
84 min: Olafsen hindra i å skyte innanfor 16-meteren, det
blir ropt på straffe
85 min: Alexander Connor spelar fri Leikarnes, aleine med keeper
skyt han rett på målvakta. Stor sjanse
89 min 7-1: Kampens siste skåring kjem etter ein corner
90 min: Assistentrenar Cato Andreassen har komme inn og reddar
på streken
Kampfakta
Clausenengen - Vestnes Varfjell 7-1 (4-1)
4. divisjon, tirsdag 10. august 2010 kl 19
Idrettsplassen, 30 tilskuarar
Mål:
1-0 (12) Ronny Svanemsli
2-0 (25) Svanemsli
2-1 (30) Tommy Kanishi Andreassen
3-1 (33) Svanemsli
4-1 (40) Robin Pettersen
5-1 (54) Pettersen
6-1 (63) Kenneth Larsen
7-1 (89) Arve Sundli
Dommar: Bjørn-Erik Hjellset, Molde
Gult kort: Henden, CFK og Trond Klokset, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell: Svale Leren; Sander Valde (Martin Sylte 73),
Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegard Løvik (Magnus
Nerheim 65), Thomas André Brastad (Cato Andreassen 85) -
Elling Olafsen, Yngve Solevågseide (Jørgen Gravdehaug
62), Alexander Connor - Trond Klokset, Ronny Leikarnes, Tommy
Kanishi Andreassen