
- Ein veldig viktig seier for oss. No ser me fram til å få på plass fleire spelarar frå ferie og at fleire får trent jamnt slik at dei kjem i form til resten av haustsesongen, seier spelande trenar Alexander Connor. Neste kamp er lokalderbyet mot Måndalen, ein kamp som er flytta frå torsdag til fredag 20. august.
Vestnes Varfjell har heitt ei dalande formkurve etter to uavgjortkampar før ferien og klart tap i første haustkamp tidlegare denne veka. Dermed var det eit revansjesugent lag som entra den strøkne grasmatta i Isfjorden fredag kveld. Kampen var tett og jamn gjennom 90 minutt. Vestnes Varfjell spelte seg bra opp etter ein svak start og viste etter kvart at dei er eit betre lag. Isfjorden hadde likevel krefter til ei sluttspurt, utan at dei klare å skape meir enn halvsjansar.
Best på Vestnes Varfjell var etter vår meining Thomas André Brastad i midtforsvaret, det var også han som sto bak førearbeidet til den avgjerande skåringa. Også Jørgen Gravdehaug og Tommy Kanishi Andreassen gjorde mykje bra i den offensive delen av spelet, men først og fremst var dette ein lagseier.
Trond Klokset spelte sin siste kamp i utlånsperioden mot CFK tirsdag og var ikkje med fredag, det var heller ikkje Simen Brennvik og Ørjan Tangen, som framleis er på ferie.
Kampen:
13 min: Elling Olafsen header i stolpen etter ein corner. Ronny Leikarnes tar returen, men Isfjorden reddar på strek
25 min: Stor sjanse til Isfjorden, skot like utanfor
26 min 0-1: Thomas André Brastad går frå eigen banehalvdel, innlegget når Ronny Leikarnes som treng to forsøk på å få ballen i mål til leiing 1-0
38 min: Isfjorden avsluttar like over etter ein corner
45 + 3 min: Tommy Kanishi Andreassen på veg inn i feltet, men blir kroppstakla av ein Isfjorden-spelar. Dommaren vinkar spelet vidare.
2. omgang:
51 min: Knallhardt skot frå Kanishi Andreassen, keeper reddar
53 min: Innlegg frå Kanishi Andreassen blir heada i tverrliggar og over av ein Isfjorden-forsvarar
54 min: Leikarnes headar over på den påfølgjande corneren
58 min: Svein Erik Lange Male startar eit angrep frå midtstopparposisjon, finn Kanishi Andreassen på venstrekanten. Eit flott angrep blir avslutta med skot over frå Leikarnes
59 min: Eit langt frispark går gjennom heile forsvaret, men ingen får ei tå på ballen og Isfjorden-målvakta får rydda opp
68 min: Leikarnes på skothald i god posisjon, men ein isfjording får eit bein på ballen
70 min: Isfjorden er frampå, men skapar berre halvsjansar
75 min: Innlegg frå Bjørn-Vegard Løvik finn hovudet til Leikarnes, men headinga går over
85 min: Jørgen Gravdehaug serverer Leikarnes, men med "feil fot" går skotet utanfor
90 + 2 min: Dommaren dømmer indirekte frispark frå 11 meter etter tilbakespel til keeper. Yngve Solevågseide smeller til, men keeper står i vegen for skotet og returen frå Alexander Connor
Kampfakta:
Isfjorden - Vestnes Varfjell 0-1 (0-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 13. august 2010 kl 19
Isfjorden stadion, 35 tilskuarar
Mål:
0-1 (26) Ronny Leikarnes
Dommar: H Talstad, Molde
Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell (83), eitt til Isfjorden
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Sander Valde, Thomas André Brastad, Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegard Løvik - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Elling Olafsen (Magnus Nerheim 61), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen (Martin Sylte 88)