Den skuffande haustsesongen i 4. divisjon
held fram for Vestnes Varfjell som fredag tapte 0-3 borte mot
Malmefjorden. Heimelaget leverte ifølge publikum
årsbeste og kjempa Vestnes Varfjell på defensiven i
første omgang. Det resulterte likevel berre i eitt
mål, men like etter pause kom 2-0 på eit knallhardt
volleyskot. No vakna Vestnes Varfjell som skapte 4
hundreprosentsjansar på rad utan uttelling, ikkje minst takka
vere ein god målvakt på heimelaget. I staden for
redusering auka Malmefjorden til 3-0 mot slutten.
Vestnes Varfjell starta friskt i fint haustver på intime
Malmefjorden stadion. Det vart likevel ikkje noko av
angrepsforsøka, og etter kvart tok heimelaget meir og meir
over. Vertane fann spelte direkte angrepsfotball og Vestnes
Varfjell hadde problem med å svare. Etter eit kvarter kom 1-0
etter eit fint angrep, der ballen hamna hos ein Malmefjorden-spelar
etter at den først var innom eit Vestnes Varfjell-bein. Mot
slutten av omgangen leverte Svale Leren ei god redning, medan
Elling Olafsen vart avblåst hårfint for offside
då han sette ballen i nota etter fint framspel frå
Jørgen Gravdehaug,
Ronny Leikarnes måtte ut med ein strekk i pausen, men Vestnes
Varfjell gjekk likevel på banen med mål om å snu
kampen. Det greide dei også i banespelet, men ikkje
før vertane hadde auka til 2-0 på eit knallskot
på halv volley - rett i krysset. Så kom fire
kjempestore sjansar for Vestnes Varfjell på løpande
band:
Tommy Kanishi Andreassen med skot etter framspel frå
Gravdehaug. Keeper redda.
Kanishi til Elling Olafsen, keeper stoppar skotet frå kloss
hald.
Framspel til Olafsen som avsluttar med skot like på utsida av
bortre stolpe.
Nytt skot frå Olafsen, denne gongen frå rundt 10 meter,
men keeper reddar.
I staden for redusering og utlikning utnytta Malmefjorden ein av
sine få sjansar og auka sluttresultatat til 3-0.
Vestnes Varfjell får ta med seg innsatsen og tendensar til
bra spel i 2. omgang. Jørgen Gravdehaug var best på
laget i denne kampen. Han styrte det meste av det Vestnes Varfjell
skapte framover, saman med Tommy Kanishi Andreassen.
Malmefjorden er saman med Isfjorden dei to laga Vestnes Varfjell
må kjempe hardast for å halde på avstand på
sluttabellen. Malmefjorden er 7 poeng bak, Isfjorden 3 poeng bak
når fire runder står att å spele.
Laget: Leren; Tangen, Lange Male, Løvik, Sylte -
Solevågseide, Gravdehaug, Connor - Olafsen, Leikarnes
(Venås 46.), Kanishi
Gult kort: Lange Male, Løvik og Sylte
Dommar: Talstad
Publikum: ca 50