
Vestnes Varfjell har no att kampane mot Skåla (b), Gossen
(h) og Kvass/Ulvungen (b). Det bør bli seier i minst ein av
kampane om laget skal halde Isfjorden og Malmefjorden bak seg
på tabellen.
- Ingen kampar er lette og slik me spelar for tida kan me tape mot
alle. Derfor må det full skjerping til i dei siste kampane,
me tar i alle fall ikkje lett . Erfaringar viser også at det
blir ein del "rare" resultat mot slutten av sesongen, seier Connor
til varfjell.no.
Mot Træff 2, formlaget i divisjonen saman med serieleiar
Midsund, fekk Vestnes Varfjell det tøft frå start.
Kampen jamna seg likevel ut etter kvart og Vestnes Varfjell var
absolutt ikkje sjanselause på poeng slik kampen utvikla seg,
men med 0-3 midtvegs i andre omgang var håpet ute.
Moldenserane starta friskt, men var likevel ineffektive og greide
ikkje å sette store sjansar. Tommy Kanishi Andreassen hadde
den første store sjansen for heimelaget, men skotet
frå skrått hald gjekk i stolpen. Så skåra i
staden Træff 2 ved Ola Andersen på innlegg føre
mål i neste angrep. Så jamna kampen seg ut og Ronny
Leikarnes fekk sjansen til å utlikne frå straffemerket
etter at Elling Olafsen vart felt av ein utrusande keeper.
Leikarnes plasserte straffen utanfor målet.
Omgangen ebba ut med ein stor sjanse til begge lag: Abel Araya i
stolpen via Bjørn-Vegard Løvik, så Kanishi
Andreassen skot utanfor via keeper etter framspel frå
Jørgen Gravdehaug.
2. omgang starta med at Gravdehaug skaut like utanfor på halv
volley før ein corner hamna på bakre stolpe der Johan
Oltedal sette inn 2-0 til gjestane. Så heldt Svale Leren
heimelaget inne i kampen med to flotte redningar. Kanishi
Andreassen lurte nesten keeper med eit overraskande skot, medan
returen etter eit skot frå same mann vart sett over av Tor
Gunnar Venås. Kampen vart avgjort etter 20 minutt av andre
omgang då Fredrik Kosberg var først frampå etter
at Leren hadde gitt retur på eit langskot.
Innbyttar Magnus Nerheim hadde ein stor stor sjanse på
overtid etter presist framspel frå Thomas Brastad, men ein
Træff-spelar fekk reinsa unna på strek. På den
påfølgande corneren var Sander Valde sist på
ballen og reduserte til 1-3.
Pluss til Tor Gunnar Venås for solid innsats på
høgrebacken, her er det fleire av dei andre på laget
noko å lære. Noko billege gule kort til Elling Olafsen
og Bjørn-Vegard Løvik gjer at dei må stå
over neste kamp.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Træff 2 1-3 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 17. september 2010 kl 19
Vestnes idretttspark, 50 tilskuarar
Mål:
0-1 (26) Ola Andersen
0-2 (53) Johan Oltedal
0-3 (65) Fredrik Kosberg
1-3 (90) Sander Valde
Dommar: Roger Hagbø, MFK
Gult kort: Elling Olfasen og Bjørn-Vegard Løvik,
VVIL, 1 til Træff 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Tor Gunnar Venås
(Sander Valde 62)., Yngve Solevågseide, Thomas André
Brastad, Bjørn-Vegard Løvik - Elling Olfasen,
Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Tommy Kanishi
Andreassen, Ronny Leikarnes (Magnus Nerheim 80.), Sondre Akselsen
(Azim Ahmadi 62.)