

Etter dette gav laget frå seg initiativet i kampen til heimelaget, som var farleg frampå på cornerar og lange innkast frå Tommy Nikolaisen. Sju minutt før pause førte eit slikt innkast til mølje føre mål og til slutt redusering til 1-2.
Ole Martius Sæter gjorde comback i målet i Svale Lerens karantefråvær. Det gjorde han godt i det som også var A-kamp nummer 150, og den første på A-laget sidan han hadde eit vikariat i bortekampen mot Halsa/Valsøyfjord i 2006. Sæter var trygg og god og rydde også opp i eigen feil med ei god redning då Måndalen fekk frispark etter at Sæter trakka utanfor streken på eit utspark.
Måndalen var eit stolpeskot unna utlikning like etter pause, men i staden auka Vestnes Varfjell til 3-1 på eit straffespark sju minutt ut i omgangen. Tommy Kanishi Andreassen, som var usikker heilt til kampstart grunna ein muleg hjernerysting på trening, vart felt av keeper Espen Pedersen. Ronny Leikarnes sette straffen i mål. Etter eit kvarter sette toppskåraren inn sitt andre for dagen frå kloss hald. Like etter hadde både Yngve Solevågseide og Elling Olafsen gode forsøk på frispark, men det vart ikkje fleire skåringar.
Godt gjennomført kamp av Vestnes Varfjell som dermed er på toppen av tabellen aleine med 10 poeng.
PS: Måndalen hadde fem tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på banen i denne kampen: Audun Leikarnes, Marius Ulla, Vegar Skare, Sindre Balstad og Tor Gunnar Venås. Alle gjorde ein god jobb for heimelaget som mangla Freddy Nikolaisen.
Ronny Leikarnes vart kåra til BB i Romsdals Budstikke, men her var det mange som gjorde ein god kamp. Keepervikar Sæter er alt nemnt, i tillegg synest me Nirut Mjøs viste trygt og godt stopparspel gjennom heile kampen.
Kampfakta:
Måndalen - Vestnes Varfjell 1-4 (1-2)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 7. mai 2010 kl 19
Øran stadion (kunstgras)
100 tilskuarar
Mål:
0-1 (13) Elling Olafsen
0-2 (24) Yngve Solevågseide
1-2 (38) Kim Rodi Nikolaisen
1-3 (52) Ronny Leikarnes, straffespark
1-4 (59) Leikarnes
Dommar: Rolf Erik Pedersen, Åndalsnes
Gult kort: Simen Brennvik, Vestnes Varfjell. Audun Leikarnes og ?, Måndalen.
Vestnes Varfjell (4-3-3): Ole Marius Sæter; Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Tommy Solevågseide 85.), Alexander Connor (Bjørn-Vegard Løvik 75.) - Elling Olafsen (Magnus Nerheim 80.), Ronny Leikarnes (Martin Lange Sylte 85.), Tommy Kanishi Andreassen