
Vestnes Varfjell fekk ein god start i vårsola i Midsund då eit skot frå rundt 20 meter frå Jørgen Gravdehaug snirkla seg i mål via Ronny Leikarnes etter 12 minutt. Det vart først meldt at skotet gjekk rett inn, men Leikarnes stadfesta etterpå at han var borti ballen og fekk den over strekn. Dette var starten på ein god Vestnes Varfjell-periode der Gravdehaug var ressigøren for mykje av det som skjedde frå sin sentrale midtbaneposisjon.
Tommy Kanishi Andreassen la inn til Ronny Leikarnes som heada i mål etter 16 minutt, men linjemannen markerte for offside. Etter 19 minutt gjorde Tommy Kanishi Andreassen alt sjølv då han reiv seg laus på venstrekanten, lurte av halve Midsund-forsvaret og skåra frå kloss hald. Midsund sin største sjanse før pause kom då Arec Gosic skaut i stolpen.
Midsund tok over i andre omgang. Dei vann dei fleste av duellane på midtbanen og Vestnes Varfjell fekk nok med å forsvare seg. Det gjorde laget til gjengjeld godt, og berre ein gong måtte keeper Svale Leren kaste seg for å redde. Vertane vart også meir ufarleg i angrep etter at gode Gosic måtte gå ut. Reduseringa kom etter ein corner i det 79. minutt. Ballen vart slått tilbake føre mål og der fekk Joakim Stormyr sett ballen i mål. Midsund satsa no hardt på eit utlikningsmål, men fekk ikkje fleire sjansar. Vestnes Varfjell drog ned tempoet og rodde det heile i land. Vestnes Varfjell hadde nokre tilløp på kontringar i andre omgang og Ronny Leikarnes var berre ein vaken keeper unna 3-0 etter ein time.
Ingen stor toppkamp, men det var innsats og nerve heilt til siste tilleggsminutt var spelt. Vanlegvis strøkne Midsund stadion er framleis litt ujamn etter vinteren, og det skapte ein del pussige situasjonar med feilpasningar og regelrette skot i lause lufta frå begge lag. Begge lag ropte på kvart sitt straffespark. Elling Olafsen vart stoppa på veg inn i feltet før pause, medan Bjørn-Vegard Løvik gjekk i ryggen på John Arne Øien i andre omgang. Dommar Roger Hagbø fekk ufortent mykje kjeft frå begge lag og viste kva han syntes om det ved å gje gult kort til både Bjørn-Vegard Løvik og Ronny Leikarnes.
Heile forsvarsfiraren sto fram i denne kampen, men bestemannsprisen går til Nirut Mjøs for sikkert forsvarsspel gjennom heile kampen.
Kampfakta:
Midsund - Vestnes Varfjell 1-2 (0-2)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 21. mai 2010 kl 19
Midsund stadion gras
Tilskuarar: Ca 80
Mål:
0-1 (12) Ronny Leikarnes
0-2 (19) Tommy Kanishi Andreassen
1-2 (79) Joakim Stormyr
Dommar: Roger Hagbø, MFK
Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik (23) og Ronny Leikares (33); eitt til Midsund
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Simen Brennvik, Bjørn-Vegard Løvik, Nirut Mjøs, Ørjan Tangen - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes (Thomas André Brastad 89), Elling Olafsen