Yngve Solevågseide spelte sin siste kamp for Vestnes Varfjell i serieavslutninga mot KFK sist helg. 31-åringen har nemleg bestemt seg for å legge opp etter denne sesongen, skriv Vestnesavisa. Solevågseide har spelt ti sesongar for Vestnes Varfjell etter overgangen frå dåverande TIL/Fiks/Rek før 2005-sesongen. Han debuterte i vintercupen mot i 6-1-seieren mot Ellingsøy. Ygnve er ein spelar som alltid gir alt, og har vore ein viktig spelar i desse sesongane. Ein periode var han også kaptein.  Han har også vore mellom dei mest trufaste på treningsoppmøte. Me takker for innsatsen, og blir vel ikkje veldig overraska om det skulle ende i eit comeback :)