Kretsstyret har tilkjent Åndalsnes seieren 3-0 i kampen mot CFK/KBK 3 etter at Rauma-laget la inn protest etter kampen. CFK/KBK 3 vann eigentleg 2-1, men hadde med for mange spelarar som hadde vore i aksjon for 2.-laget i 3. divisjon i runden før. Til Åndalsnes Avis forklarer Clausenengen at dei hadde mistolka regelverket. Dermed fekk ÅIF likevel notert ein seier på bortenbane denne sesongen, og avanserer to plassar på tabellen forbi både Midsund og Vestnes Varfjell (på betre målforskjell). Dette var andre kampen i år at laget fekk poenga levert i posten frå kretskontoret i Molde. Kampen mot Tingvoll i vår vart også sett til seier 3-0 etter at laget frå Nordmøre ikkje møtte til kamp på Øran. Den nye sluttabellen i 4. divisjon ser dermed slik ut. Der er framleis spenning om kven som rykker ned. Nøkkelkampen i 3. divisjon mellom Averøykameratene og Sunndal endte 1-1, her skulle me nok helst hatt ein vinnar. No er begge laga bak Nardo 2 på sikker plass ein runde før slutt. AK avsluttar borte mot Tommy Kanishi og Vegar Skare i Brattvåg, og har også ein protest inne etter 0-0-kampen mot Træff 2, skriv TK. Dersom både AK og Sunndal slår følge med Træff 2 ned i 4. divisjon blir det direkte nedrykk for Tingvoll, CFK/KBK 3 og Molde 3. Frei skal i så fall spele kvalifisering mot Nordlandet om den siste plassen i neste års 4. divisjon. Om AK eller Sunndal bergar plassen, blir det Molde 3 som får ein ny sjanse via kvalifisering.