
Bjørn-Vegard Løvik
- Vestnes Varfjell 2 er meint å vere eit breiddetilbod til dei som likar fotball, men som ikkje har tid eller høve til å satse i 4. divisjon, seier spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik til Bygdebladet. Laget består av ein stall på heile 30 spelarar, noko som ifølge Løvik er viktig fordi mange vil vere ein del vekk. Fleire kjente fotballnamn er i stallen, og den siste skal ifølge avisa vere Sivert Øveraas, som er juniornorgesmeister med MFK og har spelt 1. divisjonsfotball for Sogndal.
VVIL 2, som har eit fleirtal i stallen frå området Daugstad-Vikebukt, hadde planar om å spele heimekampane på Gjermundnes. No ser det likevel ut til at Vestnes idrettspark blir heimebane, sidan Gjermundnes stadion manglar nødvendige oppgraderingar, skriv Bygdebladet.
Første heimekamp i serien er mot Fiksdal/Rekdal i Vestnes idrettspark fredag 29. april kl 19.