Alexander Connor
Alexander Connor
Bygdebladet har tatt pulsen på Vestnes-laga før seriestart. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier dette om ambisjonane for sitt lag: - Vi har eit ungt lag, og vi vil nok svinge litt i prestasjonane. 4. divisjon held eit høgare nivå i år enn i fjor, og eg trur ikkje det er realistisk å tenkje opprykk, seier Connor og held fram:

 

- Eg reknar bylaga frå Kristiansund, CFK, Dahle og KBK 2 som favorittat, men dette er lag vi kan utfordre i enkeltkampar.

 

Nettopp KBK 2 er motstandar i første seriekamp, heime i Vestnes idrettspark torsdag 28. april.

 

Connor seier elles at treningstilhøva har variert litt, særleg i den kalde perionden i vinter. Han rosar banemannskapa som har halde bana opa i vinter.