Vestnes Varfjell har bedt Vestnes kommune om hjelp for å få omregulert området mellom fotballbana og europavegen til tomt for nytt klubblokale, melder VestnesAvisa onsdag. Leiar Kai Magne Stokkeland skriv i eit brev til kommunen at dagens klubbhus ikkje dekker behovet for garderober, opphaldsrom, møterom, kiosk etc.
Det er tidlegare laga teikningar som viser eit nytt klubblokale med tribuner og plass til leigetakarar. Stokkeland meiner inntekter frå utleige må til for å dekke kostnadane ved eit slikt bygg. Det blir i den samanheng vist til at klubben snart misser inntektene frå speleautomatane.