Eit 13-årslag frå Vestnes Varfjell deltok sist helg i Dahle cup i Kristiansund. Laget kom til semifinalen i B-sluttspelet, mellom anna etter å ha slått TIL/Fiks/Rek 2 4-2, skriv VestnesAvisa onsdag.

I kvartfinalen vart Haddal slått 3-2 i ein dramatisk kamp der Kay Connor først utlikna til 2-2 før Martin Sunde avgjorde på straffespark. I semifinalen vart det tap 0-3 mot Velledalen og Ringen/Ikornes.