Vestnes Varfjell sikra seg livsviktige poeng i botnen av 4. divisjon då laget slo Elnesvågen 3-2 på bortebane torsdag. Svein Erik Lange Male heada laget i leiinga rett før pause. Amund Stavem dobla leiinga i andre omgang og det sår ut til å gå mot ein grei borteseier. Så reduserte Elnesvågen på straffe ved Alexander Lobos før same mann utlikna to minutt før slutt. Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep og sikra seieren då Elling Olafsen var på bakre stolpe og heada inn vinnarmålet.

 

Det var ein rotete kamp der laga veksla på å ha initiativet. Elling Olafsen hadde kampens første sjanse då eit godt skot vart redda av keeper. Etter eit kvarter fekk Tommy Kanishi Andreassen lagt inn framom mål, men Sivert Nerheim var akkurat litt for sein til å putte ballen i mål. Etter ein halvtime hadde heimelaget ein kanonade framom Varfjell-målet der ballen vart redda på streken fleire gongar. Ti minutt før pause hadde Kanishi eit skot over frå god posisjon, før den endeleg sat like etterpå. Eit frispark vart lagt inn i feltet av Magnus Nerheim og der dukka midststoppar Svein Erik Lange Male opp og heada ballen i mål.

 

Andre omgang starta med ein kjempesjanse til Elnesvågen, men skotet gjekk heldigvis like utanfor. Etter ti minutt avslutta Amund Stavem med godt skot etter corner, men ballen gjekk like utanfor via ein heimespelar. På den neste corneren heada Vegar Skare mot mål, men borte ved stolpen sto ein Elnesvågen-spelar og redda. 18 minutt var spelt då det sto 2-0 på det som truleg var meint som eit innlegg frå Amund Stavem.

 

Vestnes Varfjell trudde no at dei kunne kontrollere inn seieren, men heimelaget var ikkje ferdig for kvelden. Anført av Kristian Benjaminsen og Alexander Lobos greidde laget å få til ein sluttspurt. Ballen vart konstant pumpa opp i Varfjell-forsvaret og etter ei uheldig avklaring var Tommy Kanishi uheldig og traff beina til Lobos då han skulle sparke ballen unna., Straffen sette Lobos sjølv knallhardt i krysset. Då var det framleis ein del tid att. Varfjell tok igjen over spelet ein periode, men tre minutt før slutt greide Lobos å dra seg fri. Utlikninga vart sett i mål frå skrå vinkel. Vestnes Varfjell svarte med å gå rett i angrep; Kanishi fann Elling Olafsen på bakre stolpe og spissen sikra at alle poenga vart med heim.

 

Seieren sat altså langt inne, men var fortent. Vestnes Varfjell var det beste laget gjennom det meste av kampen. EIn skikkeleg lagseier. Amund Stavem var ein konstant trussel for heimeforsvaret, Vegar Skare og brødrene Nerheim dominerte på midtbana, medan Svein Erik Lange Male og Ygve Solevågseide ruva i forsvaret framom ein trygg siste skanse i Adrian Gabrielsen.

 

Tingvoll heime er neste kamp.

 

Fakta

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-3 (0-1)

Mål:

0-1 (45) Svein Erik Lange Male

0-2 (63) Amund Stavem

1-2 (73) Alexander Lobos, straffespark

2-2 (87) Lobos

2-3 (87) Elling Olafsen

Vestnes Varfjell (4-3-3): Gabrielsen; Kjørvik, Male, Solevågseide, Liabø - S Nerheim, Skare, Sætre (M Nerheim 15.) - Stavem, Olafsen, Kanishi

Gult kort: 3 til Elnesvågen

dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Elnesvågen stadion, 25 tilskuarar

 

Elnesvågen stadion, 25 tilskuarar