Vestnes Varfjell var nærme poeng mot topplaget Eide, men måtte til slutt gje tapt etter ei sein skåring. Den notoriske toppskåraren Stig Roar Søbstad avgjorde kampen i Vestnes idrettspark sju minutt før full tid. Eide er dermed tilbake på tabelltoppen før Averøykameratene spelar mot Tingvoll laurdag. Vestnes Varfjell er framleis sist. Rapportane fortel om ein jamn 1. omgang i Vestnes idrettspark. Skåringa kom etter klabb og babb då Eide hadde den beste sluttspurten. Tommy Kanishi var tilbake i Vestnes Varfjell-drakta og var næreme skåring med eit godt skot. Elles hadde heimelaget ikkje så mange sjansar, den største vart truleg skusla vekk då Elling Olafsen valte å skyte i staden for å passe til Amund Stavem då laget tok seg igjennom Eide-forsvaret. Kampen var elles prega av mykje kjemping og lite spel. Eide er eit fysisk tøft lag som ikkje tillett motstandarane mykje finspel. Begge lag hadde gode målvakter og Adrian Gabrielsen var best på eit heimelag som kjempa godt og virkar betre trent enn i vårsesongen.
Vestnes Varfjell var måtte klare seg utan kaptein Magnus Nerheim og Justin Sætre som har brukket ein finger. Elnesvågen borte torsdag er neste kamp.
Laget: Gabrielsen; Kjrøvik, Lange Male, Mjøs, Liabø (Larsen 46.) - Skare, Solevågseide, S Nerheim - Stavem, Olafsen, Kanishi
Dommar: Henning Sunde, MFK
Gult kort Vestnes Varfjell: Libø og Stavem