To veker etter siste seriekamp er Vestnes Varfjell klare for opprykk til 3. divisjon, for første gang sidan 2001-sesongen. Dessverre skjer det fordi Molde FK må ta den tunge vegen ned i Adeccoligaen, noko som vart klart etter søndagens kampar. Dermed kan ikkje Molde 3 rykke opp sidan andrelaget må ned i 3. divisjon, fordi berre tippeligalaga kan ha andrelag i 2. divisjon.

For andre lag betydde MFKs 0-8 tap for Stabæk nedrykk. Eide følgjer Bryn ned i 4. divisjon, medan Kvass/Ulvungen må ned i 5. divisjon saman med Halsa/Valsøyfjord og Frei.

Laga i neste års 3. divisjon blir:

Molde 2
Træff
Elnesvågen
Surnadal
Sunndal
Gossen
Dahle
Kristiansund BK 2
Midsund
Rival
Måndalen
Vestnes Varfjell

PS: MFK har framleis ein teoretisk sjanse til å berge seg, men det er tre poeng og 20 plussmål å ta att opp til HamKam på kvalifiseringsplassen.