Reidar Vågnes hadde laurdagskvelden eit foredrag der temaet var kvifor Island med 350 000 innbyggarar, berre ca 100 000 fleire enn i Møre og Romsdal fylke klarer å produsere så mange talentfulle unge spelarar, over 70 i tallet, til topp internasjonalt nivå over store deler av Europa.


Eit av punkta som vart belyst var dei ulike treningskulturane landa imellom. Vågnes meiner både MFK og AaFK har meir ein "nyte-kultur" og ikkje som på Island der dei i generasjonar har hatt behov for å arbeide hardt for å nå sine mål, gjennom å yte maksimalt og målbevist frå tidleg alder .

Reidar Vågnes har laga fleire lesarbrev med dette temaet som er tilgjengeleg på heimesidene til Nordmøre og Romsdal Fotballkrets. Les meir her >>