
Meir jubel for VVIL 2?. Her frå kamp mot Ekko i 2009
Etter litt fram og tilbake denne vinteren har Vestnes Varfjell meldt på eit B-lag i 5. divisjon framfor eit juniorlag denne sesongen. Dette melder sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no. Målet er å gje eit sportsleg tilbod til flest muleg, sidan også spelarar over junioralder vil kunne spele på eit slikt lag. Vestnes Varfjell 2 gjer comeback etter eitt års pause.
Slik gjekk det i 2009. Laga som ligg an til å komme i same avdeling er desse:
Isfjorden/ÅIF 2, Fiksdal/Rekdal, Tomrefjord, Meek, Molde 4, Molde 5, Rival 2 og Bjørset.