Ottar Orvik
Kretsleiar Ottar Orvik frå Vestnes Varfjell kunne på helgas kretsting i Molde presentere ein ny sponsoravtale med Sparebanken Møre som sikrar til saman 1,2 millionar kroner til spelar- og trenarutvikling dei neste tre åra. Orvik var ikkje på val og held fram som leiar i kretsen. Ronald Brastad representerte Vestnes Varfjell på kretstinget som du kan lese meir om her. Tidlegare Vestnes Varfjell-trenar og Mr Fiksdal/Rekdal, Dag Nakken, fekk heider og diplom frå NFF for sin mangeårige innsats for fotballen. Les meir om dette på Facebook-sida til Fiks/Rek.
Midsund fekk fair play-prisen og CFK fekk pengar frå barne- og ungdomsfondet.