{seyretpic id=1064 align=right}Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier i eit intervju med VarfjellTV at det meste gjekk galt då laget tapte 0-8 mot Rival laurdag. - Rival var mykje betre enn oss, seier Connor. No håpar han at laget skal framstå på ein heilt anna måte mot tabellnabo Averøykameratene fredag. - Me må gå i oss sjølve og jobbe hardt på trening denne veka. Med ein heilt anna arbeidsmoral og vilje til å vinne, trur eg me skal kunne slå AK, seier Connor. Høyr heile intervjuet ved å klikke på bildet til høgre.


Om Rivalkampen legg Connor til at Rival hadde eit par sentrale spelarar som fekk dominere utover i kampen. Han har ikkje noko unnskulding for tapet sjølv om han hadde trua før start: - Rival var mykje betre enn oss, dessverre. Dei vann veldig fortent. Dei skapte mykje meir enn oss og hadde ein heilt anna arbeidsmoral og innsats.

Han seier treningsveka inn mot Rival-kampen ikkje var den beste med mange forfall. No håpar han på betre oppmøte denne veka, og litt frå treninga måndag kan du sjå i innslaget.

 

- Me må innsjå kor me ligg hen på tabellen og jobbe ut derifrå. Det er mange vanskelege kampar att. Det blir vikteg å kapre poeng mot laga rundt oss på tabellen, og det startar alt fredag mot AK, seier Connor.