Jubel for seier mot CFK. (Foto: Kaims)
Jubel etter kampen.
Onsdag kveld fekk VVIL G14 besøk av Clausenengen til kamp i Vestnes Idrettspark. Etter 2-1 leiing til pause, fekk tilskodarane sjå eit fyrverkeri av ein andreomgang med mange flotte mål som kom etter svært godt spel gjennom midten. Til slutt sto det 9-4 til heimelaget som tok sin første seier i sluttspelet i 1. divisjon. CFK var VVIL sine spelarar fysisk overlegne, men hurtig spel langs bakken gjorde at kristiansunderane vart hengande etter når ballen hurtig vart spelt i mange trekk.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER>> 

VIDEO MED ALLE MÅLA I VARFJELL-TV>>


Amund Stavem (3) Kevin Gravdehaug (3) Nikolai Andersen og Ole Gunnar Kjærstad var VVIL sine målscorarar. 4-2 (Kevin Gravdehaug) kom 15 minutt ut i andreomgang og var ein kopi av målet som Magne Hoseth hadde mot RBK i kvartfinalen av cupen. For CFK scora Stian Gregersen (2) Lars E Olsen og Jesper Løvik

 

1-0 Nokolai Andersen

2-0 Kevin Gravdehaug

3-1 Ole Gunnar Kjærstad (straffe)

4-2 Kevin Gravdehaug

5-2 Amund Stavem

6-2 Amund Stavem

7-2 Amund Stavem

8-2 Ole Gunnar Kjærstad

9-2 Kevin Gravdehaug