Romsdals Budstikke skriv i dag om sitasjonen med dei mange utsette kampane i 5. divisjon. Måndalen 2, Rival 2 og Molde 4 har alle 3 eller 4 kampar att å spele innan serien skal vere avslutta neste helg, og står dermed i fare for å bli strokne frå sluttabellen. Skjer dette kan det få innverknad i tetstriden, der Ekko/Aureosen har sjansen til å passere Eide. Laget frå Søre Fræna har sett opp ein ny tabell på sine nettsider her. Dei involverte laga ser ut til å ville fullføre sesongen og nye kampdatoar er i ferd med å komme på plass. Sjå terminliste her.
Reglane i 5. divisjon er elles - til skilnad frå 3.
divisjon og oppover - at eit lag kan utebli frå ein kamp, men
to kampar gir grunn til utestenging frå serien.
Lisebeth Rød i fotballkretsen seier
til Romsdals Budstikke at dei ikkje har anna val enn å stryke
lag dersom dei står med mange uspelte kampar når serien
skulle vore avslutta.
- Så får vi prøve å unngå at
konsekvensene blir store, så langt vi har muligheter for
innenfor regelverket, sier Rød til avisa.
I fjor var det også eit oppsop av kampar på slutten der kretsen avgjorde med å idømme tap 0-3 til lag som var årsak til utsettinga, men dette var i "trøstesluttspelet" og hadde dermed ikkje innverknad på opprykket.