A-laget spelar sesongens siste
kamp laurdag klokk 15 heime i Vestnes idrettspark. Motstandandar er
Molde-laget Træff. Kampen er svært viktig for begge
lag. Vestnes Varfjell kjempar for å halde plassen, medan
Træff er i posisjon for å få spele
kvalifiseringskampar for 2. divisjon. Tabellen og kampane i siste runde>>
For Vestnes Varfjell gjeld følgande før siste kamp:
Laget bergar plassen med seier over Træff.
Laget bergar plassen med uavgjort om AK ikkje vinn med meir enn tre
mål heime mot Eidsvåg.
Laget bergar plassen også med tap dersom AK taper eller
spelar uavgjort mot Eidsvåg.
Med tap, samtidig som AK vinn sin kamp, er laget avhengig av at
Træff - som dermed vil vere klar for kvalifiseringskampar -
slår vinnarlaget frå Sunnmøre (AaFK 2) over to
kampar.
Det er også framleis ein fare for at Molde 2 rykker ned
frå 2. divisjon (treng ein seier på dei tre siste
kampane for å vere heilt sikker). Skjer det er heller ikkje
10.-plassen sikker plass.
Træff tar kvalikplassen med seier, men kan også
nøye seg med uagjort eller tap dersom Elnesvågen ikkje
vinn sin kamp borte mot Sunndal.
Møt opp og få med deg den spanande sesongavslutninga!
Vêret blir også bra.
Les kva dei andre laga skriv om serieavslutninga:
Træff: " For Træff er det en ting som
gjelder på lørdag - SEIER!"
AK: "Guttene er topp motiverte for oppgaven og vet hva
det gjelder."
Eidsvåg: "Vi reiser til Averøya for å vinne
sesongavslutninga for første gang på 4
år"