Vegar Skare og Tommy Kanishi Andreassen debuterte laurdag for Brattvåg. Dei to tidlegare Vestnes Varfjell-spelarane kom ikkje på skåringslista då Molde 2 vart slått 3-0 i det som var første kamp på det nye kunstgraset på Aker stadion. Også laga i 4. divisjon har nytta det fine vinterveret til å teste forma. I dag har Surnadal vore i Sunndal og tapt 0-3 i ein kamp som ifølge rapportane var jamn lenge. Tidlegare har Kristiansund FK slått nabo CFK/KBK 3 3-0, der nysigneringane frå nettopp CFK og KBK Ronny Svanemsli (toppskårar i 4. div i 2006, 2008 og 2010) og Andreas Nielsen (toppskårar i 4. div i 2012) noterte seg for måla. Frei har tapt 1-4 mot det hardtsatsande 5.-divisjonslaget Eide som mellom anna har fått den tidlegare Færøyane-proffen Stig Roar Søbstad som spelande trenar. Elnesvågen har tapt 0-3 mot Træff 2, melder Bryn-sidene. På overgangsfronten kjem den største nyheita frå Kristiansund der Dahle har signert Kristian Krastev (23) frå 2.-divisjonslaget Gjøvik FF, ein spelar med aldersbestemte landskampar for Bulgaria. Eidsvåg-brørne Christer og Oddne Bakken har meldt overgang til Valder. Nettsida til Emblem har laga ein oversikt over overgangane på Sunnmøre i vinter.
Treningskampar og overgangar
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter