For første gong skal Vestnes Varfjell spele kamp på sjølvaste Aker stadion. I desse dagar blir det lagt kunstgras på Molde FKs arena, og dermed får også 4.-divisjonslaget Molde 3 sleppe til i storstua. MFK 3 skal spele sine heimekampar på fredagar, og Vestnes Varfjell skal gjeste Aker stadion 3. oktober i nest siste serierunde. Terminlista for 4. divisjon vart lagt ut etter terminlistemøtet tidlegare denne veka, men framleis er det drøfting rundt enkelte kamptidspunkt. Klubbane har frist ut månaden til å bli samde om desse, skriv fotballkretsen ei ein epost etter terminlistemøtet. Tidlegare har Vestnes Varfjell spelt kamp på Color Line stadion i Ålesund. Det skjedde i ein treningskamp mot AaFK junior i 2009.
A-laget: Får spele på Aker stadion
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter