Casper, Tommy og Cédrik Andreassen etter kampen mot Dahle 2.

Vestnes Varfjell har som kjent tre brør i stallen i år, og mot Malmefjorden borte sist var alle med frå start for første gong. Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen spelte på midten med Cédric Ronnie Hellström Andreassen bak seg i forsvaret og Casper Rolf Hellstrøm Andreassen på høgrekanten. Veslebror Casper slo like godt til med hattrick i kampen Vestnes Varfjell vann 5-2.

Tommy (til venstre), Cédrik og Casper (heilt til høgre) før kamp mot Malmefjorden.

Alle tre har tidlegare og nyleg avdøde fotballegende Cato Andreassen, som far. Cato, som døde nyleg, spelte mange kampar for både Tomrefjord og Vestnes Varfjell. Cédric og Casper har i tillegg rikeleg med fotball-gener på mor-sida. Bestefaren er den svenske keeper-legenda Ronnie Hellström, eit namn som Cédrik no altså fører vidare. 

Om alle er skadefrie blir dei truleg å sjå saman også i kveld når Dahle kjem på besøk. Sidan det er VM-start også i kveld kan det jo passe å nemne at bestefar Hellström spelte hele tre VM for Sverige (1970, -74 og -78).

Cédric Ronnie Hellström Andreassen.
Casper Rolf Hellström Andreassen i midten.
Tommy Kanishi Andreassen i aksjon mot Malmefjorden.

Det har også vore tider med tre brør i Varfjell også tidlegare, men spel for andre klubbar i høgare divisjonar for enkelte av dei har gjort at det ikkje har skjedd i så mange sesongar.

Jørn, Viggo og Trond Klokset bak i treningsdrakter på lagbildet frå 1999.

Viggo, Jørn og Trond Klokset var dei tre siste fotballbrørne på Vestnes Varfjell. Dei var sist sett saman på banen i 1999-sesongen etter det me har klart å finne ut.

Tidlegare var Geir Åge, André og Håvard Sylte ein kjent trio på lokale fotballbaner. Dei spelte først saman i 1986 og sist i 1990.

Geir Åge og André Sylte (nr 5 og 6 bak) og Håvard Sylte (nr 2 framme) på lagbilde frå 1986.