Ole Marius Sæter måtte overlate tetplassen til Dag Nakken etter forrige runde i 3.-divisjonstipset.
Nakken har no 102 poeng
totalt, to meir enn fjorårsvinnar Sæter. I runde 15
oppnådde Mr. Fiksdal/Rekdal 8 poeng, mellom anna etter
å ha prikka inn ein 5-poengar for tipset om at KBK 2 ville
slå Surnadal 4-2. Sæter måtte nøye seg med
4 poeng i ein runde vunne av signaturen Thunderfoot - kallenamnet til den hardtskytande
Leeds-legenda Peter Lorimer.
Ikkje gløym å legge inn dine tips for runde 16 der dei
første kampane blir spelt fredag. Husk også at du kan
redigere din eigen profil og få tips og varsel om neste runde
tilsendt på epost.
Stillinga i runde 15 >>
Stillinga totalt >>