Parlken tribune
Tomt for fleirbrukshuset?
Helland treng ein treffstad, ein møteplass for alle aldersgrupper. VVIL treng nye klubblokale og utvida treningslokalitetar innandørs vinterstid. Er det på tide med eit samfunnshus, eit grendehus for ulike brukargrupper i Helland som gir fleire mulegheiter i eit funksjonelt bygg? Eg meiner JA og at dette må skje i neste kommunestyreperiode.

Vestnes Idrettshall er for liten: VVIL har i nokre år hatt planar for eit nytt klubbhus og dei siste åra har det også tvunge seg fram eit behov for meir og betre treningstilhøve innandørs no når handballen i VVIL med 12 lag (!) tek tett opp mot 100 prosent av all treningstida i Vestneshallen. Området vest for E39, der vi i dag har Vestnes Idrettspark, ligg klart til å verte vidareutvikla om vegstyresmakter og kommunen klarer å sjå mulegheiter med ei fjerde arm i dagens rundkøyring.

I Rekjavik på Island har dei tatt konsekvens av og sett viktigheita av å tilretteleggje aktivitetar for idrett i store innandørshallar. Grunnlaget for dette ligg i at ungdom, gjennom idrett og fysisk aktivitet, kan forhindre andre og meir alvorlege personlege og ei samfunnsøkonomisk uheldig utvikling i samfunnet. Erling Loe som er visepresident i Norges Fotballforbund seier at "ein ungdom som hamnar "på køyret" kostar samfunnet 7 millionar korner". Har Vestnes kommune råd til å la være å satse forebyggande for å forhindre berre eit slikt tilfelle i vår kommune? Sjå artiklar her og her

Blandt medlemmane i VVIL veit eg at mange føler eit behov for ein treffstad og at også andre idelle lag og organisasjonar treng eller har behov for betre lokalitetar for sine aktivitetar. Vestnes Varfjell IL vil ta sin del av dette ansvaret gjennom framtidige investeringar og ikkje minst frivillighet og dugnadsånd innanfor vår organisasjon. VVIL skal vidarutvikle vårt sterke fellesskap og freiste å nå våre mål på og utanfor arenaen, inne som ute. Kvifor kan ikkje VVIL til dømes starte ein skulefritidsordning mellom kl 14.00 og 16.00, ein SFOtballfritidsordning i vårt nye fleirbrukshus? Sjå døme frå Asker IL >>

Tenk stort, tenk fleirbruk: Som leiar i idrettslaget meiner eg no at tida er inne for å styrke arbeidet for og blant dei yngre generasjonane. Dette gjer vi ved å løyve betydeleg meir pengar og leggje til rette for at lag og organisasjonar, kommunen, næringslivet, private og statlege midlar i fellesskap kan realisere prosjekt som i utgangspunktet kan virke uoppnåelege. Prosjekt som faktisk kan verte realisert gjennom framsynte politikarar, aktivt lagsarbeid og innbyggarar som ser mulegheiter .

Kva seier poiltikarane? I Vestnesavisa er alle listetoppar mellom anna spurt om kommunen, gjerne i samarbeid med lag og organisasjonar vil bidra til å bygge kulturhus i sentrum i neste kommune styreperiode. Alle partia er positive og seier JA . Frp og Venstre vil ruste opp Myra "kulturhus" - eit bygg som både i størrelse og form er utgått på dato mens Høgre vil bygge kulturhus på Kattaholmen .

Image
Stort areal ledig vest for kunstgrasbane

10. september  er dagen då veljarar også i Vestnes kan være med å ta sitt heilt personlege val gjennom å bruke sin stemmerett på å vidareutvikle vårt lokaldemokrati og la di stemme gå til det partiet som ynskjer, meir en ord, å styrke og leggje til rette for aktivitetar som skaper samholdet og kanskje rekrutterer fleire til å busette seg i kommunen vår.

Bruk din stemmeRETT 10 september - godt val !


Kai Magne Stokkeland, leiar Vestnes Varfjell IL