Det har vore ei stor veke for tidlegare Vestnes Varfjell-trenar Dag Nakken. Først fekk han spele på lag med Kjetil Rekdal, så gjekk han til topps i resultattippinga her på varfjell.no! Men han kan takke Alexander Connor & Co for at det vart slik.

Rundeseieren på 13 poeng vart nemleg sikra etter at Nakken tippa at 4-2 til Vestnes Varfjell over Surnadal, noko som også vart sluttresultatet.

Vegard Hungnes er tilbake i leiinga samanlaget, etter at han var ein av få som rakk å tippe den framskotne kampen mellom Surnadal og Træff.

Me minner også om at det blir spelt ein kamp frå runde 11 i neste veke (Elnesvågen - Molde 2). Denne blir etter kvart flytta fram saman med kampane i runde 10 for lettare oversikt, men er inntil vidare å finne ved å velge runde 11 frå oversikten.

Stillinga i runde 8 >>
Stillinga totalt >>