Connor og Klokset
Connor får Klokset tilbake
Vestnes Varfjell har styrka A-stallen i kampen for fornya kontrakt i 3. divisjon. Trond Klokset er alt speleklar, medan det blir forhandla om ein overgang for Johnny Nerbø. Klokset returnerer til moderklubben alt til helgas bortekamp mot KFK i Kristiansund.

Yngstebror Klokset skåra 8 mål på 14 kampar for Vestnes Varfjell i fjor, men har denne sesongen spelt for Øya FC i 5. divisjon i Trondheim. Dette er eit studentlag der også ein annan kjenning frå Vestnes, Knut Øyvind Hoem, spelar. Laget er alt ferdig med vårsesongen, slik at det ikkje har vore noko problem å få Klokset heim på lån. Midtbanespelaren, med erfaring frå 2. divisjon med Molde 2, Træff og FF Lillehammer, får med seg minst tre kampar på begge sider av ferien.

Eit anna "studentlag", Volda, er enno ikkje ferdige med vårsesongen. Dermed har det vore vanskelegare å få fri Johnny Nerbø. Daugstadingen er no ferdig med studiar i Volda og har lyst til å hjelpe gamleklubben i nokre kampar før han flyttar nordover til Tromsø til hausten. Sportsleg leiar Geir Åge Sylte har forhandla med Volda om eit utlån for resten av vårsesongen. Nerbø har ikkje spelt i Vestnes Varfjell sidan 1998-sesongen, og har seinare spelt i 1. divisjon for Hødd og 2. divisjon for Skarbøvik, Træff og Volda.