Vestnes Varfjell tapte 1-3 mot Tomrefjord i treningskampen i Vestnes idrettspark fredag kveld. Stillinga ved pause var 0-2. Svein Erik Lange Male (bildet) reduserte på straffspark for eit Vestnes Varfjell-lag der juniorspelarar var prioritert i lagoppstillinga. - Eit relativt tamt heimelag bestående av fleire spelarar med manglande kamptrening, tapte fortent. TIL hadde vel både dei største og fleste sjansene. Med unntak av enkelte perioder i 2. omgang hadde dei også det meste av banespelet, så totalt sett vann dei fortent, oppsummerer trenar Alexander Connor. Neste kamp er mot Stranda torsdag 28. februar. Kampfakta:
Vestnes Varfjell jr/A - Tomrefjord 1-3 (0-2)
Treningskamp
Vestnes idrettspark, fredag 22. februar 2013 kl 19
Mål:
Svein Erik Lange Male, straffespark
Dommar: Svale Leren, Vestnes Varfjell
Tilskuarar: 40 stk
Laget: Thomas Brastad - Sander Valde (Tom Stian Venås 46.), Svein Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim (Adrian Sæter 75.) - Christian Leikarnes (Patrick Nyheim 70.), Sivert Nerheim - Adrian Liabø (Ole Gunnar Kjærstad 46.), Kevin Gravdehaug (Sivert Nerheim 46.) - Amund Stavem (Krisfotter Bådal 80.)