I kveld er det klart for lokaloppgjer i Parken når Tomrefjord kjem på besøk for å spele treningskamp. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier han vil stille eit juniorprega lag for å gje speletid til fleire som har spelt lite til no i vinter. Tomrefjord tapte 5-6 mot Åndalsnes nyleg i ein kamp der dei var i leiinga både 3-0 og 4-1. Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Cato Andreassen er også i år trenar for laget som rykka ned i 5. divisjon i fjor.