Træff 2 skåra i første minutt av kvar omgang og vann til slutt 3-1 mot Vestnes Varfjell i 4.divisjonskampen på Reknesbanen søndag. Gjestane hang godt med i ein omgang og hadde mange store sjansar til utlikning. Træff 2 brente eit straffepark som Adrian Gabrielsen redda på glimrande vis. Etter pause hadde Træff god kontroll. Elling Olafsen reduserte mot slutten. Etter at Åndalsnes slo Tingvoll fredag, er laget dermed under streken att. KFK, som me helst skal ha på ein av dei 4 (kanskje 5) sikra plassane i 3. divisjon sakkar også akterut etter tap 2-3 mot Spjelkavik laurdag - trass i skåring av tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Karl Arne Stokkeland.
Vestnes Varfjell sov i åpninga denne varme haustdagen med over 20 varmegrader. Træff gjekk rett i angrep og sette ballen i mål etter at Varfjell-forsvaret ikkje greide å klarere etter ein corner.
Kampen jamna seg ut og Vestnes Varfjell var fleire gongar nære utlikning. 11 minutt: Skot frå Amund Stavem, Tommy Kanishi er på returen, men keeper reddar. 15 minutt: Vegar Skare er igjennom, men keeper får igjen ei hand på avslutninga.
Så treff Træff stolpen før dommaren meiner at Justin Sætre feller ein Træff-spelar. Andre vil seie at han tok ballen. Gabrielsen reddar 11-meteren frå Tangen. Halvtimen spelt no. 34 min: Amund Stavem rundar keeper, men kjem for langt ut til sida og får ikkje avslutta mot det opne målet. Ballen til corner der Elling Olafsen ragar høgast og headar like utanfor. Like etter skyt Kanishi like over på eit godt skot. Omgangen ebbar ut med 1-0 til heimelaget.
Andre omgang startar som den første. Træff 2 får gå enkelt igjennom og gjere 2-0. Vestnes Varfjell slit med å komme tilbake i kampen, og det er heimelaget som skapar dei fleste og største sjansane. Det hjelp heller ikkje at Kanishi må ut med skade. Vestnes Varfjell slit med å spele seg gjennom eit kompakt og aggressivt Træff-forsvar med ein god keeper Volden bakerst. 3-0 kjem på eit skot frå sida av 16-meteren etter 83 minutt.
Innbyttarane skaper litt ny fart i Vestnes Varfjell mot slutten. Håkon Kjørvik avsltuttar eit raid med skot i stolpen, ballen kjem i returen og er over streken, men dommaren meiner han var bak dørlinja først. På den påfølgande corneren set Elling Olafsen ballen i mål frå kloss hald. Uansett berre eit trøstemål i ein svak kamp totalt sett.
Gult kort: Adrian Gabrielsen, Vestnes Varfjell (4)
Vestnes Varfhjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Justin Sætre (Håkon Kjørvik 85), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Adrian Liabø 79.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem (Knut Stian Eik 86.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen (Juan Rikard Larsen 69.)