Vestnes Varfjell slo Frei 7-2 fredag og tok nye viktige poeng i kampen for fornya kontrakt i 4. divisjon. Elling Olafsen 4, Amund Stavem 2 og Tommy Kanishi skåra måla i ein sjanserik kamp i Vestnes idrettspark. VIDEO I VARFJELL-TV
Tommy Kanishi Andreassen slo an tonen alt etter eitt minutt, men avslutninga gjekk over. Så sendte Amund Stavem i veg eit skot som traff stolpen. I andre enden var Frei nærme då spelande trenar Roar Henden traff tverrliggaren med ei frispark frå langt hald.
Midtvegs i omgangen fekk endeleg heimelaget uttelling for presset, og då kom det like godt to på ein gong. 1-0 kom ved Tommy Kanishi Andreassen som sette sitt første etter returen frå Brattvåg då han sette ballen i mål frå bakre stolpe. Innlegg:.Amund Stavem. Minuttet etter plasserte Amund Stavem ballen forbi keeper med eit skot frå 16 meter. 3-0 kom etter kampens finanste angrep. Justin Sætre spelte fram Amund Stavem som sendte ein stilkkar til Vegar Skare som fann Elling Olafsen framom mål. Spissen kunne enkelt sette inn sitt første mål for kvelden.
Frei hadde lite å by på før pause, men like før kvilen utnytta dei eit veldig offenstivt heimelag. Ein lang ball vart heada vidare til Rune Flatsetøy som sette ballen forbi keeper. Linjedommaren heldt flagget nede, men heimebenken og fansen ropte på offside, men videoen viser at Rolf Erik Pedersen hadde rett. Uansett 3-1 til pause.
Andre omgang starta som den første med Vestnes Varfjell i førarsetet. Olafsen hadde ein stor sjanse før Amund Stavem - som var ein konstant trussel mot Frei-forsvaret - plasserte ballen forbi keeper med eit fint skot til 4-1. Tommy Kanishi var servitør.
Frei hadde nokre gode kontringar i første halvdel av andre omgang, med keeper Adrian Gabrielsen rydda opp. Elling Olafsen skaut i tverrliggaren og Tommy Kanishi vart hindra av ei keeper-redning, før ballen igjen sat i nota kvarteret før full tid. Amund Stavem la inn til Olafsen som heada i mål. Yngve Solevågseide hadde sjansen til å auke ytterlegare, men skaut i nettveggen. Så reduserte Frei igjen etter at 15 år gamle William Dahlen sette ballen forbi ein utrusande keeper.
Dei siste ti minutta vart innhaldsrike. Frei redda to gongar på streken, medan innbyttar Knut Stian Eik hadde ei fin dragning med påfølgande skot utanfor. Så tok Elling Olafsen ballen og gjekk igjennom og sette inn 7-2 før same mann fullførte sitt hattrick i andre omgang med å flikke ballen til seg sjølv med hælen, runde keeper og fastsette sluttresultatet til 7-2.
Ein godt gjennomført kamp av heimelaget som måtte ha tre poeng. No ventar knalltøffe kampar borte mot Eidsvåg og heime mot serieleiar AK før me veit om laget får plass i neste års 4. divisjon. To lag rykker rett ned med mindre KFK bidreg med eit lite under og bergar seg i 3. divisjon. 3. sisteplass gir kvalifisering mot vinnaren av 5. divisjon (Malmefjorden/Ekko/Aureosen eller Clausenengen).
15 år gamle Glenn Stenødegård debuterte på A-laget. Han greide seg godt og viste både teknikk og fotballforståing dei minutta han fekk spele.
Eit skår i gleden var det at Elling Olafsen fekk sitt tredje gule kort for sesongen. Dermed må toppskåraren stå over mot Eidsvåg.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Frei 7-1 (3-1)
Vestnes idrettspark - 40 tilskuarar
Fredag 30. september 2016 kl 19
Mål:
1-0 (22) Tommy Kanishi Andreassen
2-0 (23) Amund Stavem
3-0 (30) Elling Olafsen
3-1 (43) Rune Flatsetøy
4-1 (49) Stavem
5-1 (74) Olafsen
5-2 (82) William Dahlen
6-2 (89) Olafsen
7-1 (90) Olafsen
Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden
Gult kort: Elling Olafsen og Justin Sætre, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Justin Sætre, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Glenn Stensødegård 83.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem (Knut Stian Eik 78.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen