Vestnes Varfjell tapte 1-4 heime mot Kristiansund FK i siste serierunde i 4. divisjon fredag kveld. Vestnes Varfjell kom tidleg under mot serieleiaren, og hadde ikkje kreftar til å slå tilbake i sin tredje kamp på fem dagar. Det hjalp heller ikkje å lure gjestane med litt "styrkedrikk" i garderoben (bildet), den vart nok ståande til etter kampen. Les sak på Smp.no om denne spøken. Elling Olafsen reduserte i andre omgang, men KFK var best og vann fullt fortent. Vestnes Varfjell endte dermed på ein 6. plass på sluttabellen etter ein flott haustsesong. KFK om kampen
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Kristiansund FK 1-4 (0-2)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 10. oktober 2014
Vestnes idrettspark, 25 tilskuarar
Mål:
0-1 (8) Pa Ousman Jammeh
0-2 (38) Andreas S. Nielsen
0-3 (56) Jammeh
1-3 (77) Elling Olafsen
1-4 (90) Ronny Svanemsli
Dommar: Ole Bjørn Moen, Eide
Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Thomas André Brastad (Adrian Liabø 55.), Kevin Gravdehaug (Jørgen Hovde 65.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen - Sivert Nerheim (Karl Arne Stokkeland 75.), Yngve Solevågseide, Ole Gunnar Kjærstad - Magnus Nerheim, Amund Stavem (Azim Ahmadi 40.), Karl-Edvard Bredeli (Elling Olafsen)