Tidenes travlaste fotballveke for A-laget til Vestnes Varfjell blir avslutta når Kristiansund FK kjem på besøk i kveld. KFK er alt klare for opprykk, men har tenkt å avslutte med stil ifølge eigne nettsider. Så spørs det korleis slitne heimebein taklar sin fjerde kamp på ei veke. I fjor vart det uavgjort 1-1 i tilsvarande oppgjer. Vårkampen vann KFK 6-5 etter at Vestnes Varfjell rysta serieleiaren og var i leiinga til heilt mot slutten. Oversikt over tidlegare kampar. Møt opp og få med deg årets siste kamp! Du treng ikkje engste deg for å gå glipp av Malta-Norge. Landskampen startar først kl 20.45, altså etter at flomlysa i Vestnes idrettspark (nesten) er slått av for siste gong i år. Kan du ikkje ta turen, varslar KFK livedekning her. Følg også med på twitter.