Vestnes Varfjell tok sesongens første poeng då laget spelte 3-3 borte mot Tingvoll i laurdagens botnoppgjer i 4. divisjon. Laget var nære alle tre poenga, men heilt på slutten heada heimelaget inn utlikninga på ein corner. Då hadde to mål av Amund Stavem og eit straffespark frå Elling Olafsen sytt for at Vestnes Varfjell hadde snudd 0-2 til 3-2 i andre omgang. Laget hadde også ein kjempesjanse til 4-2 som ville ha avgjort kampen.  "Sesongens viktigste" skreiv heimelaget om kampen i programmet med håp om at seier ville skaffe laget ei luke ned til Vestnes Varfjell. Tingvoll hadde nok mobilisert betre enn gjestane som kun hadde ein gutespelar på reservebenken. Midstoppar Svein Erik Lange Male leia laget i Alexander Connor sitt fråver. - Det var synd at det glapp på ein corner dei fekk etter at me mistar ballen unødvendig. Samtidig må me vere fornøgd med måten me hevar oss i andre omgang. Honnør også til unggutane som fekk sjansen. Me tek med oss poenget og ser framover. Med tap hadde det vore blytungt, sa Lange Male etter kampen.

 

Vestnes Varfjell starta kampen med eit lite overtak i banespelet, men Tingvoll var farleg på kontringar og tok leiinga 1-0 etter 13 minutt. Varfjell-forsvaret fekk ikkje avklart og eit skot frå 16 meter small i nettaket. 2-0 kom etter 22 minutt då eit innlegg på bakre stolpe vart ekspedert vidare i mål. Vestnes Varfjell var nære redusering då Håkon Kjørvik heada like over etter ein corner, medan Azim Ahmadi sette ballen over etter at han vart spelt fri i bakrommet. Elling Olfsen hadde også nær tråkla seg i skotposisjon, men vart stoppa. Straffe meinte fleire med Varfjell-auge, men dommaren let vere å blåse.

 

2. omgang var berre nokre minutt gammal då Amund Stavem reduserte. Spissen sette inn sitt første mål for sesongen med eit skot frå nesten død vinkel. Same mann utlikna midtvegs i omgangen. Magnus Nerheim sto for forarbeidet der Elling Olafsen først bomma på innlegget før Stavem sette ballen kontant i lengste hjørne. I mellomtida meinte Vegard Ellingseter seg snytt for eit straffespark. Ti minutt før slutt var det ikkje lenger mogleg for dommaren å la vere å dømme. Elling Olafsen vart lagt i bakken og sette sjølv 3-2 forbi keeper. Vestnes Varfjell såg dermed ut til å å gå mot årets første seier, men heilt på slutten fekk Tingvoll igjen for dødball.-styrken sin då eit hjørnespark vart heada kontant i mål.

 

Begge lag hadde trengt seier, men uavgjort var vel rettferdig nok. Kjekt å sjå at Amund Stavem endeleg fekk uttelling. Elles var det god innsats over heile linja. Azim Ahmadi hadde ein god kamp der han dribla Tingvoll-forsvaret trill rundt til tider, medan Magnus Nerheim si løpsstyrke kom til sin rett då han vart flytta fram frå back til midtbane. Neste kamp er heime mot Træff 2 torsdag, då er venteleg også laget forsterka med Ole Gunnar Kjærstad og Justin Sætre.

 

Artig gjensyn også med Eivind Solnørdal (MFK) som hadde full kontroll på linja.

 

Fakta:

Tingvoll - Vestnes Varfjell 3-3 (2-0)

Vorpbukta stadion, 55 tilskuarar

1-0 (13)

2-0 (22)

2-1 (47) Amund Stavem

2-2 (64) Stavem

2-3 (79) Elling Olafsen

3-3 (89)

Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord

Gult kort: Eitt til Tingvoll

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Jarle Løvik Salte, Svein Erik Lange Male, Håkon Kjørvik, Magnus Nerheim - Vegard Ellingseter, Elling Olafsen, Sivert Nerheim - Adrian Liabø, Amund Stavem, Azim Ahmadi. Ubenytta reserve: Jonas Lervik