Vestnes Varfjell gjorde det vanskeleg for seg sjølve med å sleppe inn fire i andre del av første omgang då Træff 2 var på besøk torsdag. Effektive moldenserar tok vare på sjansane som også denne gongen delvis vart skapt etter svakt forsvarsspel. Det eine målet kom etter straffespark etter hands på Nirut Mjøs. Amund Stavem reduserte rett før pause, og gav eit lite håp inn i 2. omgang. Dessverre vart det med Elling Olfsen si skåring etter pause. Det mangla ikkje sjansar til å skåre fleire gongar, men Træff 2 heldt unna og drog over fjorden med alle tre poenga. Trenar Alexander Connor var naturleg nok skuffa etter nok eit tap: - Det er utruleg at me taper denne kampen. Mer aleine med keeper 2-3 gongar og har i tillegg ei rekka andre store sjansar. Dessverre vert me nok ein gong hardt straffa for defensive feil. SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Kampen starta jamnt og sjansefatting. Sivert Nerheim skaut over frå kloss hald etter åtte minutt. Træff tok leiinga etter 22 minutt då laget fekk gå altfor lett igjennom Varfjell-forsvaret. 2-0 kom like etter då eit firspark ikkje vart klarert og ein Træff-spelar fekk stå umarkert og sette ballen i mål.  Så kom 3-0 på straffe etter 30 minutt og "katastrofen" var komplett i ein omgang som var heilt jamnspelt. Ikkje nok med det, ein liten svikt i kommunikasjonen mellom keeper og forsvar gav rom for nok ei Træff-skåring etter 42 minutt. I mellomtida hadde heimelaget fore frampå fleire gongar utan å få uttelling: Azim Ahmadi skot over, Elling Olfasen aleine igjennom, men lobb over og Amund Stavem med skot over. Rett før pause kom reduseringa etter eit fint angrep langs høgresida. Sivert Nerheim fann Amund Stavem som skåra frå kloss hald.

Andre omgang starta med at eit forsøk frå Amund Stavem vart rydda unna på Træff-streken før same mann skaut like utanfor etter forarbeid av Azim Ahmadi ti minutt seinare. Så var Elling Olafsen igjennom, men avslutninga gjekk over. Heimelaget måtte vente til 70 minutt før reduseringa kom. Vegard Ellingseter la presist inn framom mål der Elling Olfasen var på rett plass. Åtte minutt seinare hadde Sivert Nerheim sjansen framom mål, men Træff-målvakta fikk ein finger på ballen og hindra skåring. Same mann hadde ein ny kjemepsjanse tre minutt før slutt då han kom heilt aleine med keeper, men igjen fekk målvakta hindra skåring. Mot slutten hadde ogå Svein Erik Lange Male eit skotforsøk, medan Magnus Nerheim avslutta sjanseløseriet då han kom aleine igjennom på overtid.

Vestnes Varfjell-offensiven gav også store rom bakover og Træff var heller ikkje langt unna fleire skåringar i andre omgang. Uansett endte det med nok ein skuffande kveld for eit hardt prøva Vestnes Varfjell-lag. Neste kamp er borte mot Frei.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Træff 2 2-4 (1-4)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, torsdag 9. juni 2016 kl 19

Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar

0-1 (23)

0-2 (25)

0-3 (31) straffespark

0-4 (42)

1-4 (45) Amund Stavem

2-4 (71) Elling Olafsen

Dommar: Modolf Holm. Isfjorden

Gult kort: Nirut Mjøs (43) og Amund Stavem (50)

 

Laget: Adrian Gabrielsen; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Vegard Ellingseter (Jardar Sylte 71.), Elling Olafsen - Jarle Løvik Salte (Yngve Solevågseide 46.), Amund Stavem, Azim Ahmadi